Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Opprydding i tilskot til kulturtiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet foreslår å rydde opp i forvaltinga og finansieringa av tilskot til kulturtiltak. Dette vil gje ei meir heilskapleg, dynamisk og kunstfagleg grunngjeving for forvaltinga av tilskot til kulturlivet.

Kulturdepartementet foreslår å rydde opp i forvaltinga og finansieringa av tilskot til kulturtiltak. Dette vil gje ei meir heilskapleg, dynamisk og kunstfagleg grunngjeving for forvaltinga av tilskot til kulturlivet. Mellom anna foreslår regjeringa å samle løyvingane til Norsk kulturfond under ein post (post 55) og at kapittel 320 post 74 blir avvikla frå 2015. (Sjå eiga pressemelding om Kulturrådet.)  

Til litteraturhusa i Fredrikstad, Bergen og Oslo vart det i 2014 gjeve eingongstilskot. Desse tilskota er difor ikkje vidareførte.

Tilskot til Kristelig pressekontor blir ikkje vidareført. Særskild stønad til religiøse pressekontor ligg utanfor Kulturdepartementet sin kjerneaktivitet. Tilskot til Landssamanslutninga av nynorskkommunar blir heller ikkje vidareført. Kostnadane til verksemda bør dekkjast av medlemmane i organisasjonen, som i hovudsak er kommunar og fylkeskommunar.

Departementet foreslår å redusere tilskotet til Institutt for journalistikk til 3,5 millionar kroner. Løyvinga har blitt redusert dei siste åra som følgje av at det er forventa at bransjen sjølv tar ansvar for etterutdanning. Regjeringa tar sikte på å avvikle ordninga over tre år.  

Tilskotet til Pensjonistforbundet på 1 million kroner blir foreslått avvikla på Kulturdepartementet sitt budsjett. Pengane blir foreslått overførte til styrking av Arbeids- og sosialdepartementet si ordning for driftstilskot til landsomfattande pensjonistorganisasjonar. Flyttinga blir foreslått fordi formålet for tilskotet då det låg under Kulturdepartementet, er overlappande med formålet til ordninga det no blir flytta til hos Arbeids- og sosialdepartementet.