Historisk arkiv

Framlegg til endringar i stadnamnlova: Grunneigarar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gjer framlegg om å endre stadnamnlova slik at grunneigarar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom. Framlegget er ein aksept for at ein grunneigar kjenner sterk identitet til ein særskilt skrivemåte av namnet på gardsbruket han bur på.

Lenkje til framlegget om endringar i stadnamnlova

Kartverket skal framleis vere formelt vedtaksorgan i saker som gjeld bruksnamn, men dersom grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer på eige gardsbruk eller eigedom, har vore i bruk som bruksnamn, skal han eller ho kunne avgjere skrivemåte. Slike eigarfastsette skrivemåtar skal brukast av det offentlege, men dei skal ikkje vere retningsgjevande for skrivemåten av andre stadnamn.

- Framlegget inneber at ein grunneigar kan fastsetje ein skrivemåte som ikkje følgjer rettskrivingsprinsippa i norsk. Dette har ikkje vore mogeleg etter gjeldande lov, men er i samsvar med råderett over privat eigedom, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Lovframlegget følgjer opp Stortinget si innstilling til  representantframlegg i 2008 frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen (frå Høgre). 

Det er gjort endringar i føremålsparagrafen, som gjer det tydelegare at stadnamn er språklege kulturminne som har krav på vern. I tillegg føreslår Kulturdepartementet språklege endringar i fleire paragrafar. Det er presisert i klagereglane at ein kan klage etter stadnamnlova til dømes dersom ein kommune byter ut gamle og innarbeidde namn på ein stad. Lokal namneskikk på staden bør følgjast, sjølv om det ikkje alltid er mogeleg å vidareføre alle gamle namn når terrenget endrar seg.