Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

Den Nationale Scene vert rehabilitert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 eit statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til rehabilitering av tak og fasadar ved Den Nationale Scene i Bergen.

Den Nationale Scene i Bergen. Bilde fra salen mot scenen.
Den Nationale Scene i Bergen. Foto: Martin B. Andersson/KUD

– Den Nationale Scene er ein del av vår nasjonale kulturarv på fleire måtar. Institusjonen  forvaltar ein av dei eldste teatertradisjonane i landet. I tillegg har bygget i seg sjølv stor kulturhistorisk verdi. No er det behov for å rehabilitere tak og fasadar, og vi vil leggje til rette for at dette arbeidet kan startast opp så snart som råd, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa gjer framlegg om statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til naudsynt rehabilitering av tak og fasadar for Den Nationale Scene, fordelt med 40 millionar kroner i tilskot i 2017 og 61 millionar kroner i tilsegn for seinare budsjettår.

Teaterbygget er eit av dei fremste eksempla på monumentalbygg i Jugendstil vi har her i landet, og har vore freda sidan 1993.