Historisk arkiv

Mediemangfaldsutvalet leverte NOU: "Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne."

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I dag tok kulturminister Linda Hofstad Helleland imot NOU 2017:7 «Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne» frå Mediemangfaldsutvalet ved utvalsleiar Knut Olav Åmås.

Nett-tv Mediemangfoldsutvalget leverer utredning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Utvalet si utgreiing og det samla framlegget NOU 2017: 7

Presentasjon av leiar i NOU-utvalet Knut Olav Åmås (.pdf)

English Summary of "Media pluralism in Norway" (.pdf)

- Utvalet ber norske politikarar om å endre mediepolitikken og oppgradere ambisjonane med dei offentlege ordningane så raskt som råd, og med mykje høgare tempo enn hittil. Det hastar, seier leiar i NOU-utvalet Knut Olav Åmås.

- Eg vil takke Mediemangfaldsutvalet for den grundige jobben dei har gjort, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Utvalet peikar på at utviklinga går i eit høgare tempo enn nokon gong før, og at det hastar å få på plass treffsikre tiltak. Samstundes må vi sikre ein grundig prosess før vi set inn nye tiltak. Difor er det naudsynt å ha ei brei høyring og gode politiske prosessar fram mot ein samla gjennomgang av det mediepolitiske verkemiddelapparatet, seier Helleland.

Eit samla utval foreslår fleire endringar i dei verkemidla vi har på mediefeltet i dag, og kjem med ei rekkje framlegg til nye tiltak. I hovudsak skal tiltaka vere tidsavgrensa til fire år. Utvalet understrekar at dei skal bli evaluerte før dei eventuelt blir vidareførte.  

Utrekningar viser at endringane og dei nye tiltaka vil koste mellom 743 og 843 millionar kroner per år, inkludert kompensasjon til kommersiell allmennkringkastar på tv. Utvalet grunngjev dei omfattande framlegga med at det viktig å sikre tilgang på viktig journalistikk i ein spesielt turbulent og endringsprega mediesituasjon. 

Dei viktigaste framlegga er:

  • Momsfritaket blir utvida til alle nyhende- og aktualitetsmedium og sal av enkeltartiklar.
  • Eit tidsavgrensa fritak frå arbeidsgjevaravgift for nyhendebaserte norske medieselskap.
  • Produksjonstilskotet til nyhendemedium blir vidareført, men med fleire justeringar: 
    • Lokale medium mottar eit minstetilskot på 750 000 kroner (1 295 000 for nordnorske aviser).
    • Tilskotssatsen for nummertoaviser i storbyane (ikkje riksdekkande meiningsberande aviser) blir erstatta av satsen for lokale nummertomedium. Endringa blir fasa inn over fire år.  
    • Tilskotstaket blir redusert til 27 prosent av mottakaren sine driftskostnader. Endringa blir fasa inn over fire år.
  • Utvalet foreslår tre nye tilskotsordningar:
    • Ei tilskotsordning til innovasjonsprosjekt for nyhendemedium - 30 millionar kroner per år.
    • Ei tilskotsordning som skal stimulere samfunnsviktig journalistikk - 20 millionar kroner per år.
    • Ei tilskotsordning for nyhendemedium som er gratis for brukarane - 20 millionar kroner per år.

Mediemangfaldsutvalet la i oktober 2016 fram ei delutgreiing om kommersiell allmennkringkasting. Utvalet konkluderte med at dersom staten vil sikre ein kommersiell allmennkringkastar på tv utanfor Oslo, må ein etablere nye verkemiddel for å vidareføre dette. Utvalet foreslår òg at ein av prinsipielle grunnar overfører staten sitt eigarskap av NRK til ei stifting.

Regjeringa oppnemnde i september 2015 eit offentleg utvalg – Mediemangfaldsutvalet - med mandat til å vurdere kva som bør vere dei statlege måla for mediemangfald, og vurdere det samla norske medietilbodet i lys av sentrale utviklingstrekk. På bakgrunn av analysen vart utvalet bede om å foreslå korleis staten kan innrette dei økonomiske verkemidla sine for å legge til rette for ein open og opplyst offentleg samtale og stimulere til eit mangfaldig medietilbod. 

Mandat, samansetning av utvalet, delutredninga m.m. finn du her