Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

Nytt scenekunsthus i Sentralbadet i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om statleg investeringstilskot på 230 millionar kronar til nytt scenekunsthus i Sentralbadet i Bergen. Etter initiativ frå BIT Teatergarasjen og Carte Blanche vil Bergen kommune byggje om det gamle symjehallen Sentralbadet i Bergen til eit scenekunsthus med nye permanente lokale for Carte Blanche og BIT Teatergarasjen.

Fasaden til Sentralbadet i Bergen. Med grafitti på gjerdet rundt.
Sentralbadet i Bergen. Foto: Martin B. Andersson/KUD

- Dette blir ei særs god løysing for Carte Blanche og BIT Teatergarasjen. No får vi på plass eit fantastisk hus for samtidsdans og -scenekunst i Bergen, og eg er viss på at nye, gode lokale vil medverke til enda høgare kunstnarleg kvalitet og utvikling hos to av våre viktigaste aktørar på området, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Bergen kommune støtter å byggje om den gamle symjehallen Sentralbadet i Bergen til eit scenekunsthus med nye permanente lokale for Carte Blanche og BIT Teatergarasjen, etter dialog med desse.

Regjeringa gjer framlegg om eit samla statleg investeringstilskot på inntil 230 millionar kroner til prosjektet om nytt scenekunsthus i Sentralbadet i Bergen. Tilskotet blir fordelt over fleire år. I 2017 blir det gjort framlegg om ei løyving på 10 millionar kroner i 2017.