Historisk arkiv

Stor satsing på privatarkiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa set av nær 10 millionar kroner til prosjekt- og utviklingsmidlar på arkivfeltet i 2017. Av dette er 6 millionar kroner øyremerkt arbeidet med privatarkiv. Det er ei tredobling av løyvinga til private arkiv samanlikna med 2016.

- Privatarkiva er ein viktig del av kulturarven vår. For å kunne gje eit heilskapleg bilete av samfunnet, kulturen og historia vår, må vi bevare fleire private arkiv. Med denne sterke satsinga på privatarkiv legg vi til rette for det, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

Arkivverket skal lyse ut midlane. Alle institusjonar som tek vare på og formidlar privatarkiv, kan søkje om tilskot. Frå i år av gjeld dette også museum. 

Pengane skal brukast for å sikre at fleire privatarkiv frå viktige samfunnssektorar og regionar vert tekne vare på. I tillegg skal pengane gå til bevaring, formidling og digitalisering av prioriterte privatarkiv. 

- Det er tatt vare på for få privatarkiv. Enkelte samfunnssektorar er svakt dokumentert, og det er store regionale forskjellar. No gjer regjeringa noko med dette, seier kulturminister Helleland.