Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

Tre millionar til vedlikehald av Statsraad Lehmkuhl

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om 3 millionar kroner til vidare vedlikehald av Statsraad Lehmkuhl.

Statsraad Lehmkuhl som ligger til kai i Bergen. Nærbilde av baugen og litt av mastene.
Statsraad Lehmkuhl i Bergen. Foto: Martin B. Andersson/KUD

- Statsraad Lehmkuhl er ein viktig del av norsk kulturarv og det er viktig å sørge for at skuta er i operativ stand, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Ved ei undersøking av skipsskroget i fjor vart det avdekt behov for omfattande vedlikehaldstiltak. Omfanget synte seg å vere mykje større enn det som kunne dekkjast innanfor ramma av det ordinære driftsbudsjettet.

- Norge er, og har alltid vore ein sjøfartsnasjon, og Statsraad Lehmkuhl er den største og eldste skværrigga seglskuta vi har. Når Statsraad Lehmkuhl seglar utanlands og legg til kai i framande hamner, er skuta ein viktig ambassadør for landet vårt.  Den representerer sjøfartstradisjonar som gjennom mange hundre år var hovudelementet i norsk næringsliv, seier kulturministeren.

Statsraad Lehmkuhl er den største av dei tre norske skværriggarane. Det meir enn 100 år gamle skipet har vore brukt som skuleskip sidan det var nytt, og har vore norskeigd sidan 1923. Dei siste15 åra har skipet mellom anna vore brukt som skuleskip for Den norske Marine.