Historisk arkiv

Julie Brodtkorb ny leiar for Kringkastingsrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kongen i statsråd oppnemnde fredag sine medlemer til Kringkastingsrådet for perioden 2018 –- 2021. Stortinget oppnemnde sine medlemer i desember.

- For regjeringa er det viktig å sikre NRK som eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod av høg kvalitet. Julie Brodtkorb har brei erfaring frå næringsliv, politikk, og medier og eg er trygg på at ho vil leie rådet på en god måte. Det nye rådet er sett saman med omsyn til kontinuitet og behovet for fleire yngre medlemer. Samstundes har vi styrkt den medievitskapelege kompetansen og erfaringa frå publisistisk verksemd, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Etter oppnemninga blir det nye rådet slik:

Leiar: adm. dir. Julie Brodtkorb, Oslo (ny)
Varamedlem: kommunikasjonsdirektør Bente E. Engesland, Oslo (ny)
Nestleiar: forskar Torgeir Uberg Nærland, Bergen
Varamedlem: generalsekretær Rune Hetland, Vikebygd
Medlem: lege Bushra Ishaq, Oslo (ny, tidl. varamedlem)
Varamedlem: sjølvstendig rådgjevar Ida Aalen, Oslo (ny)
Medlem: redaktør Vebjørn Selbekk, Moss
Varamedlem: dagleg leiar Inger Gunn Sande, Brønnøysund
Medlem: førsteamanuensis Eiri Elvestad, Borre (ny)
Varamedlem: formidlingssjef Randi Wenche Haugen, Trondheim
Medlem: konseptutviklar Marius Karlsen, Tromsdalen (ny)
Varamedlem: postdoktor Erik Knudsen, Bergen

Stortinget oppnemnde 13. desember 2017 desse medlemene: 

Medlem: Sigvald Oppebøen Hansen, Nissedal
Varamedlem: Espen Granberg Johnsen, Lillehammer
Medlem: Tove Karoline Knutsen, Tromsø

Varamedlem: Inger Løite, Gjerstad
Medlem: Marvin Wiseth, Trondheim
Varamedlem: Jens Johan Hjorth, Tromsø
Medlem: Trude Drevland, Bergen

Varamedlem: Gunn Cecilie Ringdal, Lier
Medlem: Ove Vanebo, Oslo
Varamedlem: lb Thomsen, Nittedal
Medlem: Kathrine Kleveland, Holmestrand
Varamedlem: Joakim Karlsen, Halden
Medlem: Akhtar Chaudhry, Oslo
Varamedlem: Anders Tyvand, Tønsberg

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for Norsk rikskringkasting. Rådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i Norsk rikskringkasting. Åtte av medlemene i rådet vert oppnemnde av Stortinget, medan seks, inkludert leiar og nestleiar blir oppnemnde av Kongen i statsråd.

I tillegg er den som til kvar tid er leiar for Samisk Programråd medlem i rådet, og like eins er nestleiaren i Samisk Programråd personleg varamedlem for leiaren. Det er Sametinget som oppnemner Samisk programråd.