Rapport om verdikjeden for norske filmar og seriar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 7/18 | Dato: 05.02.2018
På oppdrag av Kulturdepartementet har Menon Economics i samarbeid med Handelshøyskolen BI Centre for Creative Industries (BI:CCI) kartlagt korleis overgangen frå analog til digital distribusjon av filmar og seriar har endra marknaden og verdikjedene for sal av filmer og serier i Noreg.

- Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for produksjon av norske filmar og seriar av høg kvalitet. Digitalisering og nye tenester har ført til store endringar i mediemarknaden. Difor er det viktig å ha kunnskap om korleis marknadsendringane påverker finansiering og produksjon av norske filmar og seriar. No skal rapporten på brei høyring, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Rapporten "Utredning av pengestrømmene i verdikjeden for norske filmer og serier" (.pdf)