Historisk arkiv

1,5 millionar kroner til Empo-TV og TV-Bra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa ønskjer å gi personar med utviklingshemming betre moglegheit til å løfte eigne saker på eigne premissar. Kulturdepartementet gjev derfor eingongsbevillingar på 750 000 kroner kvar til Empo-TV og TV-Bra over statsbudsjettet for 2020.

Empo-TV og TV-Bra er kanalar laga av og for personar med utviklingshemming. Dei er viktige aktørar, fordi dei synleggjer utviklingshemma, og set fokus på saker andre kanskje gløymer. Dei let nye røyster sleppe til i den offentlege debatten, og styre ordskiftet.

– Dette er ei gruppe som treng å bli sett og høyrt, og det er viktig å ha medium som løfter sakene deira, på deira premiss. Samtidig som det er eit mål med meir mangfald og representasjon i ordinære medium, er det behov for eigne kanalar og program, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

TV-Bra og Empo-TV har personar med utviklingshemming både framføre og bak kamera. Kanalane har store ambisjonar og tildelinga som dei får no i desember vil bidra til å realisere desse. Empo-TV ønskjer blant anna å bruke tildelinga til å auke den tekniske kvaliteten på sine produksjonar og fullføre ein dokumentarfilm. TV-Bra ønskjer å gjennomføre eit pilotprosjekt for å auke valdeltakinga blant personar med utviklingshemming, og har planar om eigne valsendingar.

Dei to TV-kanalane er i tillegg til å være viktige talerøyr også inkluderande arbeidsplassar. Regjeringa lova i Granavollplattforma å styrke tilbodet om varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) for utviklingshemma. TV-Bra og Empo-TV bidreg til eit viktig mangfald i VTA-plassar.

– Media har ein viktig demokratisk funksjon. Gjennom utviklinga av eigne konsept løftar TV-Bra og Empo-TV opp tema som kanskje elles ikkje blir belyst. Dei bidreg til eit mangfald som vi alle nyt godt av, avsluttar Raja.