Historisk arkiv

Over 2,25 milliardar kroner klare til stimuleringsordningar for kultur, idrett og frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

– Eg ønsker aktivitet i trygge rammer innan kultur, idrett og frivillig sektor også i 2021. Etter at budsjettet blei vedtatt i går, kan eg no gå vidare i arbeidet med å ferdigstille stimuleringsordningane, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja

Abid Raja på hovedscena i Operaen med tom sal bak seg.
Kultur- og likestillingsministeren talte direkte frå hovedscena ved Den Norske Opera & Ballett. Foto: Wenche S. Nybo/KUD

Til saman er over 2,25 milliardar kroner sett av til dei ulike ordningane for første halvår 2021. Kulturdepartementet har i haust mottatt innspel til ordningane, og er straks klare med eit forslag som skal til høyring hos sektorane over nyttår.

– Dette vil bidra til at kultursektoren, frivilligheita og kvardagsaktivitetane til barn og unge kan haldast i gang, at innsatsen mot einsemd kan fortsette og at vi kan få oppleve glede og samhald gjennom kultur og idrett i året som kjem, seier Raja.

Ordningar for kultursektoren

Stimuleringsordninga for kulturfeltet første halvår 2021 vil i hovudsak få same innretning som stimuleringsordninga i 2020. Målet med ordninga er å stimulere til så mykje aktivitet i sektoren som mogeleg gjennom å gi insentiv til å utvikle og gjennomføre arrangement som er tilpassa smittevernrestriksjonar. Regjeringa har fått gjennomslag for å løyve totalt 1,065 milliardar kroner til stimulering og kompensasjon i kultursektoren 2021.

Kulturrådet forvaltar stimuleringsordninga for kultursektoren og har så langt i haust utbetalt 1,4 milliardar kroner til stimulering og kompensasjon. Kompensasjonsordninga for perioden september – desember blir no auka frå 200 til 350 millionar kroner.

– Eg har no auka kompensasjonspotten med 150 millionar kroner. Det inneber at Kulturrådet ikkje treng å avkorte beløpa for september, og utbetalingane kan starte så fort som mogleg, seier kultur og likestillingsministeren.

To varsla endringar i forskriftene for kompensasjonsordningane for september–desember er no vedtatt.

– Vi har utvida slik at vi også kan ivareta arrangørar som har blitt nøydde til å avlyse på grunn av kommunale pålegg, og har endra kravet til dato for planlegging av arrangement, seier kultur- og likestillingsministeren.

Ordningar for idretten og frivillige organisasjonar

For første halvår 2021 har regjeringa fått gjennomslag for å løyve 1,185 milliardar kroner til stimuleringsordningar for idrett og frivilligheit.

Det vert oppretta ein særskilt tilskotsordning for publikumsarrangement. Denne ordninga skal stimulere til gjennomføring av arrangement som det er stor interesse for i den norske befolkninga.

I tillegg blir det oppretta ei brei stimuleringsordning for idrett og frivilligheit, der mesteparten av midla vert fordelte.

Denne blir todelt. Ein del inneber at organisasjonar som melder inn behov kan få tildelingar utifrå driftskostnader i 2019. Resten vert fordelt gjennom ei søknadsbasert ordning. Regelverk for ordningane vert sendt ut på høyring til organisasjonane i januar.

Så langt er det utbetalt 1,3 milliardar kroner gjennom kompensasjonsordninga for idrett og frivilligheit. Vi er no inne i den tredje etappe av ordninga, og fram til 15. januar 2021 kan organisjonar søke kompensasjon for perioden 12. mars til 31. desember 2020.

– Dette har vore eit utruleg spesielt år for heile det norske kulturlivet, frå frivillige via korps, kor, idrett og andre som fell inn under min sektor. Eg følger opp tidlegare lovnader om å ha så gode ordningar som mogeleg og å fylle på der det trengs. Det vil eg halde fram med også i 2021, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.