Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Eit kulturbudsjett for mangfald, aktivitet og gjenopning av kulturen, frivilligheita og idretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår ei samla løyving over Kulturdepartementets budsjett på vel 21,9 milliardar kroner.

– Kultur, idrett og frivilligheit er ei samfunnsbyggande kraft og skal vere for alle. I dette budsjettet legg regjeringa til rette for gjenopning av kultur-, frivilligheits- og idrettssektoren ved aktive grep for å stimulere til aktivitet, inkludering og økonomisk berekraft for eit mangfald av deltakarar i heile landet. Med dette håpar eg at også samfunnet vil ta kulturen, idretten og frivilligheita tilbake, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Målet for regjeringa er at kunsten og kulturlivet, idretten og frivilligheita skal spegle mangfaldet i samfunnet. Samtidig må aktørar i heile landet vere godt rusta til å auke aktiviteten og tilbodet etter pandemien. Desse prioriteringane kjem mellom anna til utrykk i følgjande forslag til kulturbudsjett for 2022:

  • 26 millionar kroner til ei tilskotsordning for mangfalds- og inkluderingstiltak innan idrett og fysisk aktivitet. I tillegg er det sett av 24 millionar kroner til ordninga frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS. Det er òg lagt opp til at private middel skal inn i ordninga, slik at det blir ei samfinansiering av offentlege og private tilskot.
  • 8 millionar kroner til feiring av frivilligheitsåret 2022. I tillegg er det lagt opp til ei tildeling på 12 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS.
  • 20 millionar kroner er foreslått omdisponert frå Forskningsrådets avsetningar til å styrke forsking og kunnskapsutvikling om likestilling og ikkje-diskriminering.
  • 284,2 millionar kroner til oppgradering og modernisering av Den Nationale Scene i Bergen og 43 millionar kronar for å legge til rette for oppstart av rehabilitering av Nationaltheatret i Oslo i 2022.
  • 34 millionar kroner til utgifter i samband med Bodø skal vere europeisk kulturhovudstad i 2024.
  • 17 millionar kroner til styrking av innsatsen for eit likestilt samfunn. Derav 3 millionar kroner til utvikling av TryggEst, 4 millionar kroner til å følgje opp regjeringas strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad 2021-2024, 3 millionar kroner for å følgje opp regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika 2021–2024 og 1 million kroner i driftsstøtte til Oslo Pride. Vidare 6 millionar kroner til ytterlegare styrking av tilskotsordning til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.
  • 15 millionar kroner til å følgje opp tiltak i Strategi for scenekunst, som er ein viktig plan for opptrapping og styrking av det norske scenekunstfeltet. I tillegg er det satt av 10 millionar kroner frå speleoverskotet til kulturformål til etablering av nye prosjekt- og utviklingstiltak på scenekunstfeltet.
  • 18 millionar kroner for å følgje opp tiltak i museumsmeldinga Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid, samt 30 millionar kroner til investeringstiltak på museumsfeltet, blant anna til rehabilitering av Ole Bulls villa Lysøen, realisering av prosjektet Skrei opplevelsessenter i Kabelvåg og prosjektet Tett på ved Hardanger fartøyvernsenter.
  • 20,9 millionar kroner i auka tilskot til filmfeltet og 8 millionar kroner til opptrapping av satsinga på dataspel.
  • 6,6 millionar kroner for å etablere 20 nye arbeidsstipendheimlar for kunstnarar.

– Vi vil ha eit auka mangfald av deltakarar, eit større mangfald av aktørar og utøvarar og større bredde og mangfald i kulturuttrykk og kulturtilbod. Vi skal inkludere fleire og forslaget til kulturbudsjett for 2022 tek viktige steg i denne retninga, seier Raja.

Sett bort frå dei mellombelse støtteordningar under pandemien i budsjettet for 2021, inneber budsjettet på vel 21,9 milliardar kroner ein auke på 810 millionar kroner.

Øvrige pressemeldingar om kulturbudsjettet: