Historisk arkiv

Folk i alle hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mange kommunar har arbeidd aktivt med sikte på å få ny busetjing i tomme hus. I Nesset i Møre og Romsdal vart prosjektet "Folk i alle hus" gjennomført med mål om å selje 10 småbruk. Resultatet vart 15 småbruk.

Prosjektet var eit samarbeid mellom kommunen, Vekstkommuneprogrammet i Nesset, bygdelaga i kommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Etter ein periode på tre år, kan prosjektet bidra med følgjande erfaringar:

  • Sett konkrete mål
  • Formaliser samarbeidet mellom aktørane, og lag system for dokumentasjon
  • Skaff merksemd og PR
  • Jobb systematisk og grundig – bygd for bygd
  • Bruk kjentfolk
  • Inviter til dialog – ver audmjuk og tolmodig overfor eigarar
Ordførar og tidlegare Rådmann i Nesset framfor småbruk.  Kjøparane i midten.
Ordførar og tidlegare Rådmann i Nesset framfor det nyrestaurerte småbruket. Kjøparane Marie Teigland og Simo Tessa i midten. (Foto: Nesset kommune)