Historisk arkiv

Auka importkvoter for jordbær og bringebær til industrien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kvotene blir auka til 3900 tonn for jordbær og 1700 tonn for bringebær med verknad frå 1. juli 2014. Dette er ein auke på 500 tonn for jordbær og 400 tonn for bringebær i høve til dagens importkvoter.

Kvotene blir auka til 3900 tonn for jordbær og 1700 tonn for bringebær med verknad frå 1. juli 2014. Dette er ein auke på 500 tonn for jordbær og 400 tonn for bringebær i høve til dagens importkvoter. 

- Ein auke i dei tollfrie importkvotene vil redusere tollkostnadene for bærindustrien. Det vil dermed styrke både industrien og dei norske bærprodusentane, som er avhengige av ein velfungerande foredlingsindustri, seier Hanne Maren Blåfjelldal, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. - Eg opplever at det er eit felles mål mellom bærdyrkarane og industrien om å bruke mest mogleg norskproduserte bær, men industrien er avhengige av å kunne supplere med importbær, som dei nå får til en lågare kostnad, seier Blåfjelldal. 

- Eg vonar på ei positiv utvikling av produksjonen av norske bær framover slik at ein større del av industrien sitt behov kan bli dekt av lokale råvarer. Dette er ei utfordring for både bærdyrkarne og industrien, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal.   

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug var i fjor haust på vitjing hjå Lerum fabrikker i Sogndal. Ho ga då uttrykk for at ho var imponert både over korleis denne bedrifta satsar, og korleis heile frukt- og bærmiljøet i regionen er på offensiven. Bringebær- og morelldyrking er nå ei viktig næring for mange. 

Bakgrunnen for endringa er at norsk produksjon av jordbær og bringebær til industriføremål har vore lågare enn det som vart lagt til grunn sist importkvotene vart fastsett i 2011. Norsk produksjon av jordbær og bringebær pluss dei tollfrie importkvotene har de siste åra ikkje dekt industrien sin trong for bær, og det har derfor vore ein stor import av bær til ordinær toll. Importbehovet har variert mellom år, avhengig av norsk avling. 

Innspela til høyringa viser ein gjennomgåande tilslutning til at adgangen til tollfri import må sjåast i høve til industrien sitt forbruk og omfanget av norsk bærproduksjon. Samstundes blir det understreka både av industrien og produsentane sine organisasjonar at import ikkje skal kome til erstatning for avtaket av norske bær.  

Deler av kvotene for jordbær og bringebær er øyremerkt import frå EU som følgje av tidligare handelsavtaler. Dette gjeld 2200 tonn av jordbærkvoten på 3900 tonn og 950 tonn av bringebærkvoten på 1700 tonn. Storleiken på kvantumet som går utover den avtalebundne EU-delen av kvotene, blir frastsett av norske styresmakter etter ei vurdering av norsk produksjon av bær og industrien sitt forbruk.  

Bringebær
Importkvotene på bringebær, for bærindustrien, blir auka til 1700 tonn frå 1. juli 2014. (Foto: Colourbox)