Historisk arkiv

Forslag om endringar i den nye jordskiftelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa la i dag 17. april 2015 fram ein proposisjon med forslag om endringar i den nye jordskiftelova av 2013. Under arbeidet med å førebu ikraftsetjinga av 2013-lova har ein sett behov for å gjere nokre av saksbehandlingsreglane i lova enklare, og meir i tråd med gjeldande jordskiftelov av 1979. Proposisjonen inneheld derfor forslag om endringar i §§ 6-21, 6-22 og 6-23. I proposisjonen blir det også foreslått å rette opp feil i nokre av dei andre paragrafane i den nye lova.