Historisk arkiv

Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 3. desember er kåra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 3. desember er: Celina Rosander Lund

Premien er ei spekepylse med lamme- og fårekjøt - Spælsnabben frå Fjellgarden Hovden.

Spekepylse med lamme- og fårekjøt - Spælsnabben
Spekepylse med lamme- og fårekjøt - Spælsnabben Foto: Fjellgarden Hovden

Spørsmål i quiz 3. desember var: 
Kva sauerase er sauane på Fjellgarden Hovden?

Rett svar er: Spælsau 

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.