Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Telemark 2/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Telemark er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om banebrytande røyeoppdrett i Fyresvatn.

Banebrytande røyeoppdrett i merdar i Fyresvatn

I dag spretter 30 tonn slaktemoden røye rundt i det første godkjente oppdrettsanlegget i ferskvatn i Noreg. Fjellrøye frå Fyresvatn blir oppdretta i Fyresvatn. Dette er lokal fisk der avlsmaterialet er hent frå vill fisk i vatnet. Røya er stimfisk, så den trivst godt i merdane.

I Fyresvatn har det i mange år vert fiska både sik, aure og røye. Jonny  Aketun og kona Ingebjørg har fiska med ruser og har foredla og omsett lokal fisk frå sitt gardsbruk i Fyresdal. Etter kvart vart det trong for større og meir stabil tilgang på fisk til foredling. Ut frå dette vaks satsinga fram. Fyresvatn er svært næringsfattig, er kraftig regulert med stor utskifting av vatn i innsjøen og er godt kartlagt i forhold til miljøstatus. Vatnet er stort og djupt og gjev med dette kjølig vatn med mjuke temperaturendringar. Styresmaktene var velvillige til å prøve ut eit oppdrettsanlegg for røye lokalisera i sjølve Fyresvatn. 

Det ble danna eit nytt selskap; Telemarksrøye AS. Dagleg leiar Mats Dorenfeldt Jensen og Jonny Aketun er full av entusiasme. Fyrst vart det samla inn rogn frå stamfisk i Fyresvatn, og smolten veks i tankanlegg på land før dei settast ut i merdane. I dag er produksjonen godt i gang. Erfaringane så langt med røyeoppdrett i Fyresvatn er gode og fisken veks raskt. Fisken viser seg også svært motstandsdyktig mot sjukdom. Fisken vert ikkje medisinert eller vaksinert. Dersom fisken skulle rømme frå merdane, vil ikkje dette tilføre noko nytt genetisk materiale sidan avlsmaterialet er frå vill fisk i Fyresvatn.

Frå røyeoppdrett i Fyresvatn.
Frå røyeoppdrett i Fyresvatn. Foto: Telemarksrøye AS

I desse dagar ventar ein på dei siste godkjenningane knytt til slakteanlegget. Målet er at slaktinga skal skje så varsamt og raskt som mogleg utan unødvendig frakt av levande fisk. Ein håper å kome i gang med slaktinga etter sumaren. Fisken vil i fyrste omgang gå ut sløyd på is til mottakarane som i denne omgang er restaurantbransjen og til eksport nedover Europa.

I Sverige er det drive med oppdrett av fisk i ferskvatn i lang tid. I Noreg er dette nytt. Oppdrettsanlegget er sertifisert etter dei same strenge lover og regler som gjeld for oppdrettsanlegg i sjøen. Når anlegget kjem i full drift reknar Telemarksrøye med å produsere mellom 200 og 300 tonn fjellrøye i året.

Vi håpar at denne satsinga og produksjonen vil verte vellykka og opne opp for fleire anlegg av denne sorten i tida som kjem. I Telemark er det mange næringsfattige fjellvatn som kan egne seg for oppdrett av ferskvatns-fisk. Dette kan gjeve nye inntektsmoglegheiter i bygdene.

Fjellandbruket

Fjellandbrukssatsinga er inne i sitt andre prosjektår. Den treårige satsinga omfattar 14 kommunar  i Telemark og Buskerud. Totalt er det til fordeling 2 mill. kr i 2015.

Etter første søknadsrunde i 2015 kom det inn 27 søknader, av desse fekk 17 tilsegn og 10 fekk avslag.

Erfaringane frå dei to åra med Fjellandbruket er så langt at Fjellandbruket er mangfaldig, og av dei som har fått sine søknadar innvilga er det mange gode satsingar. Det er gledeleg å sjå «ungdom som vil satse» og at det gjerast investeringar som byggjer på gode kalkylar både i kostnad og inntening. Når det samstundes skjer med fjellressursane som utgangspunkt og ei berekraftig tilnærming til det heile, er det midt i hjarte av Fjellandbruket sine mål og intensjonar.

Fjellandbruket søknader.

Der Fjellandbruket kan gjere ein forskjell, og bidra til ei mogleggjering av gode, innovative prosjekt har ein lukkast. Det er fleire eksempel på det. Spesielt ser vi at støylssaker er «Fjellandbruket» i miniatyr. Der ser vi heile verdikjeda frå utnyttinga av beiteressursane, til mjølkefordeling og vidare til produkt bygd på lokale handverkstradisjonar. Når støylen i tillegg ligg i eit vandreområde og vendar seg til turistar og fagformidling, ser ein at Fjellandbruksmidlane kommer til rik bruk.

Sau på beite.
Sau på beite. Foto: I. M. Lindstrøm

Garden – det grøne paradis

Velkommen Inn på tunet! Ein etterlengta handlingsplan for Inn på tunet i Telemark er ferdig, og vi håper fleire skal få nytte og glede av dei flotte Inn på tunet-tilboda. No har 11 gardar i Telemark slike velferdstenester som er godkjende av Matmerk - og fleire kjem til!

Logo - Inn på tunet.

Inn på tunet-tilboda er knytt til garden, livet og arbeidet der. Gardane skal gi brukarane  ein meiningsfull kvardag med aktivitet, sosialt samvær, tryggleik og trivsel i fokus. I Inn på tunet tek ein utgangspunkt i ressursane til den einskilde gard for å tilby det gode liv for personar med demens, personar med rusutfordringar, elevar og mange andre.

I handlingsplanen til Telemark er desse satsingsområda prioriterte:

  • Demens
  • Arbeidsretta tilbod, spesielt Grønt arbeid
  • Skole og pedagogiske tilbod

Handlingsplanen er laga av Fylkesmannen i Telemark saman med Telemark Bondelag, Bonde- og småbrukarlaget i Telemark og nettverket for Inn på tunet-tilbydarar i Telemark.

Fylkesmannen har løyva Bygdeutviklingsmidlar til Siljan kommune til eit prøveprosjekt med dagaktivitet for personar med demens på Tveitan gard. Tilbakemeldingane frå kommunen tyder på at dette har vore særs vellykka. Kommunen skal utvikle tilbodet vidare, og vi har lova meir tilskott under visse føresetnadar.

Tre andre tilbydarar har nyleg stifta Inn på tunet Telemark SA som er eit samvirkeføretak.  Dei er i full sving og håper å ha tilbod til nye brukargrupper om ikkje lenge.

Garden – det grøne paradis!

Les meir om:

Ungdommer med hest.
Ungdommer med hest. Foto: Runa Bjore

Fylkesmannen i Telemark med eigen strategi for det bynære og urbane landbruket

Fylkesmannen i Telemark har i vår utarbeidt ein eigen strategi for bynært og urbant landbruk. Behovet for ein eigen strategi på dette området har oppstått som ein konsekvens av eit aukande tal spørsmål frå landbruksnæringa, samt andre interessegrupper knytte til dette definisjonsområdet. Spesielt har vi i Telemark hatt ein auka aktivitet med etablering av andelsgardar, men fleire dyrkingsprosjekt tilknytte sjølve bykjernane er også i prosess. Fylkesmannen ser verdien i slike initiativ der sentrale element er bygging av attraksjonskraft for urbane område og styrking av omdømme for det norske landbruket.   

Som inspirasjon til arbeidet har vi sett til Fylkesmannen i Oslo og Akershus sin rapport nr. 1/2014 «Urbant landbruk - Bærekraftig, synlig og verdsatt». 

Kvifor?

Verda over blir registrert i dag ei bølgje av ulike grøne dyrkingsinitiativ i og rundt byane våre. Motiva er mange, men spring i hovudsak ut i frå ønske om større kunnskap om eige kosthald og gleda til enkeltmenneska ved å dyrke sjølv. Dei praktiske og økonomiske fordelane ved kortreist og eigenprodusert mat betyr også mykje for stadig fleire. Bakteppet til det heile er situasjonen i verda i dag der finanskriser, klimakrise, politisk uro og utfordringar rundt industrialiseringa av mat i aukande grad skaper utryggleik. I tillegg blir grøne flater, ofte jorddekte tak brukte, til å dempe skadane av ekstremnedbør som begynner å bli ei stor utfordring for byane våre. Urban og bynær matproduksjon har med andre ord potensial til å påverke ei lang rekkje miljømessige og sosiale forhold knytte til lokale næringskrinsløp og naturgitte føresetnader. For landbruket representerer det utan tvil brubygging og omdømmebygging. For byane skaper det attraksjonskraft og inviterer til innovasjon. Det ønskjer Fylkesmannen i Telemark å ha eit medvite forhold til, og har no på plass ein eigen strategiplan.  

Kva er bynært og urbant landbruk?

Omgrepet urbant landbruk bruker vi derfor i dag om eit breitt knippe ulike initiativ og aktivitetar som primært blir baserte på det å produsere og omsetje mat og planter i  bynære miljø. Alt i frå balkongkasser og tak, til villahagar, unytta område og bynære landbruksareal kan takast i bruk. 

Omgrepet bynært landbruk blir brukt om det profesjonelle, næringsbaserte og tradisjonelle landbruket i randsona til byen og omkringliggjande område. Det omfattar generelt jordbruk, skogbruk og husdyrhald, men også alternativ verksemd som Inn på tunet, andelsgardar, hestegardar, m. fl. 

Det bynære og det urbane landbruket utfyller kvarandre. Dei er ein del av det heilskaplege matvaresystemet til byen, og må sjåast i samanheng. Det urbane landbruket synleggjer det tradisjonelle for byen si befolkning og skaper ei djupare forståing for matproduksjon og landbruksnæringa sine unike kvalitetar. 

Bynært landbruk
Bynært landbruk. Foto: Anne Aasdalen

Kva er verdiane i bynært og urbant landbruk?

Utanom sjølve matproduksjonen er tilleggsverdiane og gevinstane mange ved det bynære og urbane landbruket. Følgjande verdiar blir framheva: 

  • Skaper ein ny forståingsakse mellom by og land – det beste jordvernet
  • Skaper attraksjonskraft for byane
  • Bidreg til klimatilpassa byar og eit meir klimanøytralt landbruk – krinsløpslandbruket
  • Skaper betre folkehelse - involverer og integrer
  • Skaper unike arenaer for læring og motivasjon
  • Legg til rette for innovasjon og nye arbeidsplassar – grøn vekst

Korleis arbeid med bynært og urbant landbruk?

Primært har det vore viktig å definere klare visjonar og strategiar for kvifor og korleis ein kan auke fokuset på urbane landbruksinitiativ i og rundt byane våre.  Bynært og urbant landbruk kan karakteriserast som ein tverrsektoriell aktivitet. Målet må vere at prinsippa systematisk blir innarbeidde i relevante plandokument og lovverk, samt at det blir tatt omsyn til i etablering av nye bygningar og bydelar og ved transformasjon av eksisterande. For å nå målsetjingane vil arbeidet krevje ein brei og aktiv medverknad frå både innbyggjarar, foreiningar, bedrifter, styresmakter så vel som kunnskaps- og undervisningsinstitusjonar.  Ved å motivere ulike aktørar til å starte og utvikle konsept under denne paraplyen, vil vi i framtida kunne få eit stort mangfald av initiativ som kan inngå i alt i frå matforsyning, klimastabilisering, undervisning og forsking, til fritidsaktivitetar og rekreasjon. Samhandling og samarbeid er viktige stikkord. I ein tidleg fase vil det også vere nyttig å etablere eit mangfald av demonstrasjonsprosjekt som konkretiserer idéane og kan inspirere til fleire initiativ. Relansering av skulehagen som ein unik læringsarena er i så måte eit godt eksempel.  

Utviding av deltaking i den digitale handsaminga i plansaker i Telemark

1. juli 2013 innleia Fylkesmannen i Telemark, Telemark fylkeskommune, Statens vegvesen region sør og Kartverket Skien ei «digital handsaming i plansaker» med kommunane i Telemark.  Målet er å hente vinstar av den digitale teknologien, samt auke kvaliteten av sakshandsaminga ved at plankart og plandokument er tilgjengelege i Fylkesmannen sin kartportal, omlag samstundes som ei komplett utsending er motteke frå kommunen. 

1. januar 2015 blei Fylkesmannen i Telemark med i prøveordninga der Fylkesmannen har eit samordningsansvar ved motsegner frå alle statsetatar.  I opplegget passar «den digitale handsaminga i plansaker» som hand i hanske.  Statsetatar blei invitert med i opplegget.  Alle har svara positivt på opplegget, men nokre har av ulike grunnar vegra seg mot å gå inn i den formelle avtala som dei opphavelege partane har.  Det er difor vedteke at dei som ikkje ynskjer å gå inn i avtala blir med på opplegget som assosierte deltakarar.  I praksis gjer dette ikkje særleg endring då det sentrale i opplegget er at partane får plandokumenta tilsendt som ein e-post, jf. ei e-postliste som Fylkesmannen distribuerer til kommunane.  Korleis dei forskjellige etatane handsamar saka internt avgjør dei sjølve.  Men om det endar ut i ei motsegn er det viktig at tidsfristen på 4 veker som er definert av Fylkesmannen blir halde.

Kart på skjerm.
Kart på skjerm. Foto: Nils Olaf Prestholdt

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir følgd opp. På vegne av fleire departement utfører Fylkesmannen ei rekkje forvaltningsoppgåver ovanfor kommunar og enkeltpersonar, er klageinstans og fører tilsyn.