Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om inspirasjons- og fagdagar for lokal mat, drikke, frukt og bær.

SIKT mot fjordane

Fylkesmannen og Kompetansenavet Vest arrangerte inspirasjons- og fagdagar for lokal mat, drikke, frukt og bær 4.- 5. mars i Sunnfjord. Målet var å samle produsentar, serveringsstader og reiselivsverksemder på Vestlandet som har interesse for lokal mat og drikke. Deltakarane skulle få praktisk kunnskap som dei kunne nytte i eiga verksemd. Tema var SIKT - Smak, Identitet, Konservering og Tradisjon. 

Samlinga tok opp spørsmål som: Korleis sette saman råvarene for å få fram dei gode smakane? Korleis velje rett drikke til rett mat? Kva smakar tradisjon og korleis formar vi tradisjon? Korleis kan formidling av historia til maten gje ei betre totaloppleving for gjesten? Korleis gjere bruk av sesongvarer? Korleis kan vi bruke mjølkesyregjæring for å forlenge lagringsevna til råvarene og få auka smak og næringsverdi? 

Til å innleie om valte tema har det mellom anna vore eit sterkt kvinneteam til stades som har delt raust av si kompetanse og erfaring. Astrid Aasen frå Gangstad Gårdsysteri, Noregs fyrste ysteri etablert i 1998, lagar ost av 140.000 liter mjølk og produserer 12 sorter iskrem. Bodil Nordjore har gjennom undervisning, foredrag i inn- og utland, bokutgivingar og matprogram formidla landets mange matskattar kunnskapsrikt og inspirerande og har hatt stor tyding for utvikling av norsk matkultur. Hanne Frosta er ein av landets mest visjonære kokkar, har hovudet fullt av nye smaksprosjekt og har vore profilert utover landets grenser for sin kreativitet.

Nettverksbygging.
Nettverksbygging. Foto: Dagrun Reiakvam

Turistundersøking utført frå Innovasjon Norge i 2014 viser at norsk mat, kultur og opplevingar er stadfesta til å vere viktige element i Innovasjon Norge sitt arbeid med å utvikle reiselivsnæringa. Lokalmat opplevinga vert stadig viktigare, og i 2014 kjøpte 43 prosent fleire turistar lokalmat på reise i Norge samanlikna med året før. Dei matglade turistane la att 660 millionar kroner meir enn gjennomsnittsturistane.

Diverse oster.
Smak og identitet. Foto: Foto: Dagrun Reiakvam

Lam på hotell for å leggje på seg

Korleis få opp vekta og kvaliteten på trilling- og firlinglam? Dette var ei utfordring som Bremanger Sau og Geit tok tak i og testa ut lammehotell.

Då 30 sauebønder i Bremanger var samla for å sjå videoen « Helse og velferd i lamminga» saman med Mattilsynet, kom ideen om felles kopplammoppdrett . Hotellet var ope i to månadar i 2014, frå 20. april til 29. juni. 81 lam frå 6 ulike besetningar var innom hotellet. Kvart dyr hadde sin eigen hotelljournal. Snittkostnaden pr. lam pr. opphald var på 771 kr. Til gjengjeld får ein auka vekt på lamma og betre slaktekvalitet. Dessutan vert dei andre lamma i kullet større og tidlegare slaktemoden, bonden får frigjort tid i den travle lammesesongen og det vert betre plass i fjøset. Hotellet har så gode erfaringar at dei også vil halde ope i 2015. Då planlegg dei å vege endå fleire lam for å få betre tal på kor mykje alle lamma faktisk aukar i vekt.

Sauefjøs med varmelampen som er god å ha på kjølege dagar.
Varmelampen er god å ha på kjølege dagar. Foto: Foto: Åse Leirgulen

Bremanger Sau og Geit har funne fleire suksessfaktorar og har fleire tilrådingar. Blant anna må lamma få ein god start heime, dei må kunne suge på smukk og høveleg alder ved flytting er 4-7 dagar. For å lukkast er det svært viktig å ha ein god røktar på hotellet. Det er også viktig å ha eit tett samarbeid med Mattilsynet for å finne gode løysingar saman. Du kan lese meir her:

Kart med areal for nydyrking

Nye kartmodellar gjer at vi no kan bruke kart for å plukke ut areal for nydyrking. Desse areala vert no samla som eit digitalt temalag som kan leggjast oppå andre kart. Med dette kan kommunen og den enkelte grunneigar sjå kva areal som har potensiale for nydyrking. 

Vi har tatt utgangspunkt i Skog og landskap sine registreringar av dyrkbar jord, og tatt vekk areal som er brattare enn 1:3, areal som ligg høgare enn 600 m.o.h. og areal i verna område.

Kartet viser kva arealet er brukt til i dag og hellingsgrad. Gult areal er i dag beite med helling under 1:5. Ved ei helling mellom 1:5 og 1:3 vert arealet skravert. 

Tegnforklaring

I dette området er det beite, skog, open fastmark og myr med ulik hellingsgrad. Til saman er det over 1500 dekar med dyrkbar jord i det avbilda området (sjå under).

Kart over Potensial for areal til nydyrking.
Foto: www.fylkesatlas.no

Kartet finn du på www.fylkesatlas.no. Her vel du tema «Landbruk» og så temalag «Potensial for areal til nydyrking». For å finne storleik på dei ulike areala brukar du dette verktøyet    i Fylkesatlas. Så langt er det berre Førde kommune som er ferdig, men resten av fylket kjem raskt etter. 

Sunn økonomi i Inn på tunet-bedrifta

I mars vert det arrangert eit eige dagseminar om økonomi og lønsemd  for IPT-bedrifter og IPT-etablerarar i Sogn og Fjordane. 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla eit eige dagskurs for å møte behovet for meir kunnskap hos IPT-bedriftene. Det har vore ynskje om meir og betre  kunnskap om korleis ein kan betre lønsemda i bedrifta og om å setje «riktig» pris på tenestene sine. Kva er «rett pris» er eit stadig tilbakevendande spørsmål for mange gründerar, og kanskje særleg for IPT-bedrifter.  Utfordringa for mange  er å prise tenestene sine rett slik at ein tener pengar, samstundes som kjøparane av tenestene skal få konkurransedyktige tilbod. Anbod er og eit tema som seminaret vil belyse. Dette har så langt ikkje vore aktuelt i fylket, men dette vil heilt sikkert bli aktuelt for fleire IPT-bedrifter i åra framover. 

Målet med kurset er å gje deltakarane praktiske verktøy som dei kan bruke i eiga bedrift for å oppnå  betre lønsemd og motivere til å utvikle bedrifta. Undervegs i kurset skal ein arbeide med oppgåver og ha diskusjonar i fellesskap. Det er og eit mål å  skape møteplassar og arenaer der dei ulike bedriftene kan møtast og utveksle erfaringar. Dette kurset kan og knyte band mellom nye og fleire bedrifter. 

Seminaret er ein del av oppfølginga av den fylkesvise handlingsplanen for Inn på tunet i Sogn og Fjordane der eit mål er å auke kompetansen hos tilbydarane. Om kurset treff behovet hos næringa,  vert kurset  gjennomført årleg. 

Kurset er utvikla i samarbeid med Mentor AS i Førde og som også gjennomfører kurset. 

Ombygging frå ku til sau

Gjennom prosjektet «Sau i pluss» har Norsk landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane utarbeidd eit praktisk hefte med døme på ombygging av eldre kufjøs. Eldre bygningar kan på denne måten bli moderne sauefjøs. 

Kostnadene ved nybygg er høge og tvingar ofte bonden til å utvide buskapen. Ved å nytte eksisterande kufjøs vert kostnaden lågare og det gjev ein tilfredsstillande økonomi også for mindre buskapar. Ved ombygging vert husdyrrommet fornya samstundes som ein nyttar  eksisterande fôrlager, gjødsellager, tak og veggar. Kostnaden vert då kring kr 7000,- pr vinterfôra sau. Heftet omtalar også viktige problemstillingar som drenerande golv, grovfôrhandtering, kraftfôrautomat og ekstra lammeareal. 

Moderne sauefjøs.
Moderne sauefjøs. Foto: Edvin Hugvik

I Sogn og Fjordane er snittbuskapen på 56 vinterfôra sauer. Dette er for små buskapar til å forsvare eit nybygg, og ved større investeringar vel då fleire å slutte med sau. Kostnaden ved ei ombygging kan vere det halve i høve til eit nybygg og dette gjev gode løysingar i isolerte hus.

Døme: Storbinge med kraftfôrautomat
Døme: Storbinge med kraftfôrautomat.
Døme: To bingar og bruk av eksisterande fôrbrett
Døme: To bingar og bruk av eksisterande fôrbrett

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir følgd opp. På vegne av fleire departement utfører Fylkesmannen ei rekkje forvaltningsoppgåver ovanfor kommunar og enkeltpersonar, er klageinstans og fører tilsyn.