Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om satsing på robotfjøs.

Frå null til femti prosent robotfjøs på eitt år

Solundprisen for satsing på robotfjøs i Solund kommune
Den 22. august fekk ekteparet Hans I. og Kari Steinsund Solundprisen for satsinga si på nybygd robotfjøs for 30 mjølkekyr. Prisen vart delt ut i fellesskap av Solund næringssamskipnad, Solund kommune og Sparebanken Sogn og Fjordane avd. Solund. Det var ordførar Ole Gunnar Krakhellen som overrekte prisen i samband med Solund-dagane og han uttala m.a. til Firda: «dette er den største landbrukssatsinga i Solund på mange, mange år.» 

Bygginga av fjøsen er eit samarbeid mellom noverande eigar og brukar Hans I. og Kari Steinsund, og sonen Ingemund Steinsund, som skal overta drifta. Føretaket disponerer ein mjølkekvote på 240 000 liter og har i dag 28 mjølkekyr.

Lausdriftsfjøs i Solund kommune.
Lausdriftsfjøs i Solund kommune. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Open dag

Den 21. august i år var det og invitert til open dag. Alle som ønskte det fekk sjå seg om i det nye fjøset med mjølkerobot for 30 mjølkekyr og plass til 30 ungdyr. Solund er den kystkommunen som har minst jordbruksareal, 3253 daa i drift og 23 aktive gardsbruk. To bruk har mjølkeproduksjon. Det betyr at Solund kommune med sine 50 % toppar lista med fordeling av robotfjøs i fylket.

Pollinering av frukttre – eit vårleg sjansespel?

Noreg ligg på ei klimatisk nordgrense for kommersiell fruktproduksjon. I år fekk vi ein av dei kaldaste og fuktigaste april-mai månadane som er registrert. Kva utslag har våren fått for fruktproduksjonen og kvifor?

Prognosane for årets fruktavling tyder på at vi får den nest lågaste produksjonen av eple på 50 år. Ved låge temperaturar er det særskilt to faktorar som vert kritiske for at fruktblomar skal utvikle seg til frukter. Den eine faktoren er at dei bestøvande insekta, særskilt honningbier, blir inaktive ved låge temperaturar, vind og nedbør. Dermed vert det mindre pollinering. Den andre faktoren er at låg temperatur hindrar pollen i å befrukte eggcellene av di dei enten ikkje spirar når dei har landa på blomearret, eller at veksten til pollenslangen blir for låg til å nå ned og befrukte eggcella før den døyr. 

Med utgangspunkt i middeltemperaturen for kvart døgn kan ein berekna pollenslangeveksten for ulike år. Figur 1 viser tala for 2014 og 2015 og det er det lagt til grunn at pollenslangen må ha nådd ned og befrukta eggcella innan 8 dagar etter pollinering. Verdiar over 100% betyr at det tok kortare tid. Med unntak av ein kort periode i byrjinga av mai var antakeleg ikkje pollenslangeveksten avgrensande for vellukka befrukting i 2014. Grafen for 2015 tyder derimot på at frå 10. april til 31. mai så var pollenslangeveksten langt lågare enn året før. Under forhold med så låg pollenslangevekst som i 2015 vert det enno meir kritisk at blomane vert pollinert med insekt kort tid etter at blomen har opna seg skal eggcella rekke å bli befrukta før ho døyr.  Men den låge temperaturen og betydeleg meir nedbør enn normalt for årstida har hemma insektpollineringa. 

Sjølv om ein ikkje har endeleg tal enno, vil nok konklusjonen for årets sesong vere at krevjande pollineringstilhøve med lite flygande insekt og treg pollenslangevekst har ført til ein redusert totalavling, meir variasjon mellom sortar enn normalt, og at dei sjølvpollinerande fruktsortane generelt kom betre ut enn dei krysspollinerande sortane. Under slike forhold som i år får lokalklimaet ekstra stor effekt og det blir større skilnadar frå gard til gard og frå fjordstrøk til fjordstrøk. Særskilt fruktproduksjonen i Hardanger ser ut til å ha blitt hardt råka av den kalde og fuktige våren. Kaldt og fuktig ver har også bidrege til tap av avling i plommer på grunn av mykje plommepung, ein sopp som trivst under verhøve som i år. 

Berekna pollenslangevekst for åra 2014 og 2015. 100% vekst betyr at det tek 8 dagar for pollenslangen å nå ned til og befrukte eggcella. Høgare verdiar at det tek kortare tid.
Berekna pollenslangevekst for åra 2014 og 2015. 100% vekst betyr at det tek 8 dagar for pollenslangen å nå ned til og befrukte eggcella. Høgare verdiar at det tek kortare tid.
Resultatet av ei vellukka befrukting i Hardanger september 2015.
Resultatet av ei vellukka befrukting i Hardanger september 2015. Foto: Jon Anders Stavang/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Nedbygging av dyrka mark i Sogn og Fjordane 

I 2014 vart det omdisponert 187 daa* dyrka jord i Sogn og Fjordane. Ser vi på tala for perioden 2005- 2014, så er det i snitt omdisponert nærmare 300 daa dyrka jord kvart år, eller i alt 2985 daa i heile 10- års perioden. Mykje omdisponering skjer i samband med utbygging av tettstadane våre, men det går også med ein god del dyrka mark til ulike samferdsleprosjekt, som t.d. utbetring av E39 gjennom fylket.  Sjølv om tala i fjor var relativt låge, varierer omdisponeringa frå år til år, avhengig av når kommunane vedtek reguleringsplanar som omfattar dyrka jord. 

Ein god del dyrka jord vert også omdisponert ved meir eller mindre tilfeldig frådeling, ved dispensasjon frå kommuneplanen. I 2014 utgjorde dette 100 daa dyrka og dyrkbar jord.

Fylkesmannen prioriterer gjennom møter i planforum, innspel til planoppstart  og i høyringsfråsegner, å medverke til at dei kommunale planane tek nasjonale og regionale omsyn-  også for jordvern og landbruksinteresser. I dei tilfella vi har reist motsegn mot arealbruken i kommuneplanen, har vi gjennom dialog etter den formelle høyringa,  oftast funne løysingar og kompromiss, slik at kommunane har kunne eigengodkjenne planane. 

Eit eksempel på dette er Brulandsvellene i Førde, der det i framlegg til ny kommuneplan var sett av 150 daa verdifull dyrka jord til ny handelspark. Etter motsegn og uformell mekling med kommunen, vart det nye næringsområdet redusert til 75 daa. Det er også lagt føringar i kommuneplanen om å utnytte fortettingspotensialet innanfor eksisterande næringsområde, før ein tek det nye næringsarealet i bruk.

Flyfoto over Brulandsvellene i Førde kommune, med eksisterande næringsområde til venstre i biletet. Den raude streken syner skiljet mellom nytt næringsareal og landbruksområdet austover.
Flyfoto over Brulandsvellene i Førde kommune, med eksisterande næringsområde til venstre i biletet. Den raude streken syner skiljet mellom nytt næringsareal og landbruksområdet austover.

*) KOSTRA- tal frå SSB. 

Travle tømmerkaier i Sunnfjord  

Landbruksdirektoratet har valt tømmerkaia i Eikefjord i Sunnfjord som ein av fire prioriterte kaier til å få midlar til utbygging. For kaia i Eikefjord dreier det seg om utviding av kaifront og baklager. Dette eliminerer samtidig eit undervasskjer som sterkt har avgrensa lastekapasiteten ved kaia.

Tømmer klar for utskiping på kaia i Eikefjorden.
Tømmer klar for utskiping på kaia i Eikefjorden. Foto: Torkel Hofseth

Vi har analysert kapasiten for tømmerkaiane i Sogn og Fjordane med vekt på dei kaiene som vert nytta i dag. I Sunnfjord, der tømmeret i dag vert skipa ut over dei to kaiene i Eikefjord og Vadheim, kan det hoggast rekordhøge kvantum alt om ti år. Det er svært viktig at kaier og baklagerareal er førebudd til å klare denne auka. Vi meiner at det også er mest realistisk å vurdere flytande kaikapasitet (lekter) som supplement til dei to kaiene i Sunnfjord. 

Diagram: Årleg årleg volum av tømmer 2016 2055
Diagram: Årleg årleg volum av tømmer 2016 2055

På grunn av den høge sagtømmerandelen det vert av vestlandsgrana (70 – 80%), har vi vurdert om det er mogleg å etablere lokal sagbruksindustri i området. Med relativt stort press på dei flate, sjønære areala innover i fjordane tilseier arealkravet at slik industri sannsynlegvis bør liggje relativt langt ut mot kysten. Dette inneber at ein svært stor del av både sagtømmer og slip på Vestlandet også i framtida må skipast med båt. 

Diagram: Årleg tømmerflyt til kai i Sogn og Fjordane neste 30 åra
Diagram: Årleg tømmerflyt til kai i Sogn og Fjordane neste 30 åra

Meir skogsamarbeid på Vestlandet!

Frå april 2015 er vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samla i eitt skogsamvirke i Vestskog SA. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser svært positivt på at vi no har fått ei større og meir profesjonell røyst som kan meiningsbere viktige næringspolitiske saker for skognæringa på Vestlandet. 

Frå før av har fylkesmennene i dei tre fylka i nokon grad hatt eit samarbeidd om skogsvegplanlegging. Den 16. september hadde fylkesskogmeistrane innan tekniske område i dei tre fylka pluss Møre og Romsdal eit innleiande møte, der også Vestskog deltok, med sikte på å få til ein meir samkøyrd verkemiddelbruk til skogsvegar og miljøvenleg skogsdrift. Betre samkøyring mellom fylka, særleg når det gjeld driftstilskot, vil kunne gje meir rasjonelle skogsdrifter og betre lønsemd for skogeigar.  

Vi tek sikte på å ha minst to kontaktmøte med Vestskog i året. Dei høgproduktive skogareala på Vestlandet representerer ein stor ressurs men også mange felles uløyste drifts- og arronderingstekniske problem som er heilt særeigne for regionen. Derfor er det viktig med ein relativt tett open og fagleg  dialog innan skogbruket på Vestlandet. 

Satsar på vekst i 4H-gardane 

Vestlandsfylka har gått saman for å løfte arbeidet med besøksgardar og har starta  eit forprosjektet til «4H-gard i vekst». Alle fire fylka har støtta prosjektet med BU-midlar. Det er 4H Rogaland, 4H Hordaland, 4H Sogn og Fjordane og 4H Møre og Romsdal som står bak prosjektet, saman med 4H-gard Norge. Kristin Haanshuus har nyleg teke til som prosjektleiar. Oppgåva hennar er i løpet av eit halvt år å førebu hovudprosjektet. 

Kunnskap om primærnæringane

4H-gardane er opne gardsanlegg som tar imot born, unge og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk. Hovudmålet er å vise fram kva som skjer på ein gard med både planter og dyr. 

4H-gardane er ein arena for å auke kunnskapen om primærnæringane hos born, unge og vaksne. Den vil også bidra til i å auke sjansen for rekruttering til næringa. Dei vil på sitt vis synleggjere verdiane til 4H og forhåpentlegvis forankre desse i nærmiljøet. 

Kjekt på hesteryggen. Riding er ein av mange aktivitetar ein kan oppleve på ein 4H-gard.
Kjekt på hesteryggen. Riding er ein av mange aktivitetar ein kan oppleve på ein 4H-gard. Foto: 4H Sogn og Fjordane

4H-gard i vekst

I Sogn og Fjordane er det fire 4H-gardar og på Vestlandet finst det i dag ni 4H-gardar. Dei har gode besøkstal og mange spennande tilbod. På landsbasis er det over 40 4H-gardar. Målet med prosjektet er fleire gardar og breiare tilbod på dei gardane ein har allereie. Erfaringane frå forprosjektet vil ein ta med vidare i hovudprosjektet, som vil gå over tre år. 

For ytterlegare informasjon, kontakt:
Kristin Haanshuus, prosjektleiar i forprosjektet til 4H-gard i vekst:
454 10 215.
Åge Avedal, dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane: 970 72 734.