Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 3/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om eit nytt klimakart om klimasoner for frukt og bær.

Nytt temakart – klimasoner for frukt og bær

Lokalklima er no kartfesta. Ved å samle informasjon på kart har Fylkesmannen funne fram til dei areala i Sogn og Fjordane som er best eigna for dyrking av frukt og bær. 

Ved å samanstille gjennomsnittstemperatur, solinnstråling og plantane sine klimakrav har Fylkesmannen funne fram til klimasoner for dyrking av frukt og bær. Områda med det beste lokalklimaet bør brukast til dyrking av morellar og seine eplesortar. Bær og andre fruktslag har lågare krav til klima og kan dyrkast i andre klimasoner. 

Bilde 1 viser eit døme frå Lærdal kommune. Her er det store areal i klimasone 1 som har det beste lokalklimaet og som er eigna for dei mest kravfulle vekstane. Ut frå kartet kan grunneigarane vurdere kva dei vil plante.

Lokalklimaet er delt i klimasone 1, klimasone 2 og klimasone 3. Arealet er vidare delt i fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite og skog. Klimadata er henta for perioden 1. mai til 30. september. Med bakgrunn i denne informasjonen vert det no laga temakart for ti kommunar i Sogn og Fjordane som dyrkar frukt og bær. 

Temakart frå Fylkesatlas over klimasoner for bær i Lærdal.
Temakart frå Fylkesatlas over klimasoner for bær i Lærdal. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Gjennomsnittstemperatur og solinnstråling er avgjerande for kva ein kan dyrke. Gjennom karttenesta «Fylkesatlas» er denne informasjonen no gjort tilgjengeleg for heile Sogn og Fjordane. Bilde 2 for gjennomsnittstemperatur og bilde 3 for solinnstråling viser det same området som bilde 1 med klimasoner for bærdyrking. 

Temakart frå Fylkesatlas over gjennomsnittstemperatur frå 1. mai til 30. september i Lærdal.
Temakart frå Fylkesatlas over gjennomsnittstemperatur frå 1. mai til 30. september i Lærdal. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Temakart frå Fylkesatlas over solinnstråling frå 15. mai til 15. september i Lærdal.
Temakart frå Fylkesatlas over solinnstråling frå 15. mai til 15. september i Lærdal. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Karta finn du på Fylkesatlas: https://www.fylkesatlas.no/, og ved å velje temalag «Landbruk» – sjå bilde 4.

For å sjå klimakart må du finne temalaga (klikk på ikonet ved pil 1 oppe til høgre på skjermen. Trykk deretter på pila framfor «Landbruk», så pil framfor «Dyrkingsklima», og vel mellom «Solinnstråling», «Temperatur» eller «Nedbør». For å sjå kartinformasjon justerer du gjennomsiktighet (trykk på linjeikonet ved pil 2 for å få fram dette).
For å sjå klimakart må du finne temalaga (klikk på ikonet ved pil 1 oppe til høgre på skjermen. Trykk deretter på pila framfor «Landbruk», så pil framfor «Dyrkingsklima», og vel mellom «Solinnstråling», «Temperatur» eller «Nedbør». For å sjå kartinformasjon justerer du gjennomsiktighet (trykk på linjeikonet ved pil 2 for å få fram dette). Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Ein må bruke litt varsemd i bruken av desse karta. Til dømes vil Lærdal og Stryn med sine høge fjell få svært skarpe skilje mellom lys og skugge på ettersommar og haust når sola vert lågare på himmelen. Dette kjem ikkje godt fram i kartet som er berekna for heile vekstsesongen. Difor jobbar vi no med å lage innstrålingskart for september åleine. Dette vil gje viktig tilleggsinformasjon om kva kultur og sort som høver på einskilde gardsbruk som ligg nær høge fjell. Gjennomsnittstemperaturen kan og vere litt feil der mikroklimatiske forhold som dalatrekk eller varmestråling frå nærliggande fjellparti reelt sett gjev gunstigare/dårlegare dyrkingsforhold enn kartet syner. 

I februar skal vi ha klart eit kartverktøy som i tillegg til klimadata gjev opplysningar om eigedomsgrenser, lausmassar, dreneringsgrad med meir, og som vil verte tilgjengeleg for gardbrukarar, rådgjevarar og planleggjarar som treng slik informasjon om konkrete gardsbruk eller landbruksareal i fylket. 

Kontaktperson: Jon Anders Stavang. 

Andelslandbruk i Førde

Trenden med å dyrke sin eigen mat er også nådd bygdebyen Førde. Gjennom Vie andelslandbruk er det dyrka mengder med økologiske grønsaker og potet i 2016. 

Vie andelslandbruk vart etablert våren 2016. Dei har i dag 35 medlemar, med ytterlegare 16 nye som vil vere med frå 2017. Andelseigarane har inngått leigeavtale med grunneigar og lagt ned ein stor innsats med såing, luking og hausting. Avlingane var overveldane, og det var nesten for mykje av det gode! 

Medlemane forpliktar seg til å betale andelsinnskot og årskontingent. Vidare må dei delta i det praktiske arbeidet med minst ti timar. Mange har arbeid mykje meir! I tillegg leiger andelslandbruket inn gartnar som rettleier og utfører ein del arbeid. 

Som ein del av grunninvesteringa er det bygd eit komposttoalett, kjøpt inn småreiskap og rydda rom i fjøset som samlingsplass og lager. Det vert sett opp arbeidslister kvar veke og det vert arrangert kurs t.d. i kompostering. 

Fylkesmannen har støtta etableringa av Vie Andelslandbruk med utviklings- og tilretteleggingsmidlar.

Vie Andelslandbruk ligg nær byen og der folka bur.
Vie Andelslandbruk ligg nær byen og der folka bur. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Det er dyrka mellom 60 og 70 ulike vekstar i 2016.
Det er dyrka mellom 60 og 70 ulike vekstar i 2016. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Mart Bendz viser besøkande rundt i grønsakhagen.
Mart Bendz viser besøkande rundt i grønsakhagen. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Det er dyrka mange ulike slag av kålvekster.
Det er dyrka mange ulike slag av kålvekster. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Det vart nesten for mykje av det gode med så mykje gulrot.
Det vart nesten for mykje av det gode med så mykje gulrot. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Kompetanseheving er viktig for IPT-bedriftene

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ei treårig satsing på Inn på tunet i samarbeid med Innovasjon Norge. Satsinga skal medverke til gjere Inn på tunet meir synleg og utvikle Inn på tunet som næring. Ein viktig del av arbeidet er å støtte opp under og styrke dei eksisterande Inn på tunet-bedriftene. 

I oktober arrangerte Fylkesmannen og Inn på tunet-nettverket ein fagdag for IPT-bedriftene. Det er eit mål å få til minst ei fagleg samling for IPT-bedriftene i året for både å gje dei fagleg påfyll, men også for å bygge nettverk mellom bedriftene. Kompetanseheving og sosialt treff er viktig for dei mange små bedriftene. Dei har i hovudsak få tilsette og avgrensa ressursar i kvardagen til å treffe kollegaer, auke kompetansen og dele erfaringar. 

Tema for fagdagen var arbeid med born og unge med traumer, samarbeid med pårørande og samhandling med brukarar med Downs syndrom. Fagdagen samla også fleire deltakarar frå Hordaland som nytta høvet til å treffe kollegaer over fylkesgrensa og hente erfaringar frå IPT-bedrifter i Sogn og Fjordane. Heile 31 deltakarar frå ulike Ipt-bedrifter deltok på fagdagen som vart arrangert i Førde. 

Tilbakemeldingane var gode og deltakinga syner at dette er eit tiltak som er etterspurt og som mange har god nytte av. Fylkesmannen har eit godt samarbeid med IPT-nettverket i fylket som er ein viktig partnar i arbeidet med å legge til rette for kompetanseheving for IPT-bedriftene.