Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Inn på tunet som aktivitetstiltak for unge asylsøkjarar.

Inn på tunet som aktivitetstiltak for unge asylsøkjarar

Monika Rygg Sandal og Vidar Sandal driv Egge geitegard på Byrkjelo i Gloppen. Dei driv med geiter og starta opp som godkjend Inn på tunet-bedrift i 2015.

Eit par mil unna ligg Skei statlege mottak EMA som har ei avdeling med 60 mindreårige asylsøkjarar. I 2015 lyste Utlendingsdirektoratet (UDI) ut aktivitetsmidlar til barn og unge på asylmottak. Monika Rygg Sandal søkte på desse, med mål om å tilby aktivitetar til ungdommane på sin gard. Gjennom heile hausten og ut våren 2016 tilbyr dei varierte aktivitetar til ungdommar på mottaket på Skei i tillegg til mottaket som ligg på Vassenden i same kommune. Aktivitetstilbodet er avhengig av at IPT-garden får midlar frå UDI for å halde fram med tiltaket.

Dei har 5-6 ungdommar eit par gonger i veka og tek dei mellom anna med på fisketurar og turar i nærområdet. Ungdommane likar seg også godt i fjøsen i lag med geitene. Besøka på Egge geitegard går på omgang blant bebuarane på mottaket slik at alle får moglegheit til å ta del i tilbodet. «Vi legg opp til varierte aktivitetar alt etter årstid og ver» seier Monika Sandal.

Ungdommane kjem frå mange forskjellige land og praten går på både på norsk, engelsk og fingerspråk. Mange har opplevingar dei ber med seg som gjer at dei kan ha ulike utfordringar i kvardagen. «Vårt inntrykk er at dette tilbodet er eit godt avbrekk frå dagleglivet på mottaket og eit fint supplement til norskundervisning som mange fyller dagane elles med», avsluttar Monika.

Nokre av ungdomane som er på besøk hos Monika og Vidar.
Nokre av ungdomane som er på besøk hos Monika og Vidar. Foto: Karoline Aldis Bjerkeset

Aktivitetsleiar Maria Løkkebø ved Skei statlege mottak EMA stadfester dette. «Vi på mottaket var veldig spente når Monika og Vidar tok kontakt, og fortalte om Inn på tunet, og det dei kunne tilby oss. Det har vore eit tilbod som bebuarane på mottaket har satt stor pris på. Det er ein tilrettelagt arena med gode moglegheiter for integrering, læring og relasjonsbygging. Det er positivt at dei kjem seg ut av mottaket, og får eit avbrekk ifrå ein kvardag som består av mykje venting og usikkerheit. Mottaket legg til rette med praktisk organisering av skyss, nok kle og set opp gruppene av ungdomar som skal på besøk».

Garden er og ein arena for ungdommane til å utvikle seg i høve norskkunnskapar, mat og ulike aktivitetar knytt opp til gardsbruk. Inn på tunet er og relevant for dei ungdommane som har erfaring om gardsbruk frå heimlandet, noko ein del har. Det er motiverande for ungdommen med aktivitetar som ein kjenner igjen, og kan utvikle seg i. «Ungdommane er svært begeistra for Monika. Ho gjer ein fantastisk og viktig jobb. Very good women seier ungdommane før dei fortel om dagen ute på Egge geitegard» seier Maria Løkkebø.

PolliVest – eit prosjekt for auka honningproduksjon og større frukt- og bæravlingar

Blømande frukthagar tilbyr nektar for villige pollinatorar som bier og humler. Dei naturlege pollinatorane er viktige for næringa, men bestandane er ikkje store nok til å pollinere store frukthagar tidleg på våren. Då er det greitt å få hjelp av honningbier som kan plasserast ut i hagane i tidspunktet for bløminga.

Honningbie på jakt etter nektar i ein fruktblome.
Honningbie på jakt etter nektar i ein fruktblome. Foto: Eli Åsen

Hagebruksnæringa og birøktarnæringa vil no samarbeide for å auke produksjonen av både honning og frukt og bær ved ei stor satsing på pollineringsretta birøkt. Begge næringane opplever ein sterk etterspørsel etter sine produkt, og det er ein vinst for begge partar å utvikle eit tett og godt samarbeid. Aktørar frå næringane har gått saman og danna ei prosjektgruppe som skal bidra til å auke produksjonen og profesjonalisere båe næringane. Det skal ein oppnå ved å rekruttere nye birøktarar og knyte dei opp til frukt- og bærmottak som så kan formidle behovet for bikubar frå dyrkarane. Det er estimert eit behov på om lag 9 000 - 10 000 bikuber og totalt 30 - 40 årsverk i birøkt for å dekkje pollineringsbehova til hagebruket i Hordaland og Sogn og Fjordane. Grunna restriksjonar på flytting av bikuber mellom ulike distrikt blir det naudsynt med mange lokale birøktarar. Sogn Jord- og Hagebruksskule har no lyst ut kurs i pollineringsretta birøkt.

Det nye prosjektet har fått kortnamn PolliVest. Med i prosjektet frå Sogn og Fjordane er forskingssjef i Gartnerhallen Nina Heiberg,  Anne Karin Hatling, ressurssenteret ved Sogn Jord og Hagebruksskule, Marco Neven, Norges Birøktarlag og birøktar, og fylkesgartnar Jon Anders Stavang. Med frå Hordaland er Endre Bjotveit, Norsk Fruktrådgiving Hardanger, og Leif Øie, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt. Honningcentralen er representert ved Geir Vagle Stangeland frå Rogaland.

Relaterte lenkjer:

Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sidan 2009 hatt ein eigen blogg der leiargruppa og andre kjem med informasjon, kommentarar og synspunkt på aktuelle tema.

Sist veke blogga landbruksdirektøren om utviklinga i jordbruket og areal- og beitebruk under tittelen Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet.

På denne nettsida, «fylkesmannsbloggen», finn de også alle dei tidlegare bloggane frå medarbeidarar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Rekordlåge beitetap i 2015

Tap av sau og lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane var i 2015 lågare enn på lenge. Gjennomsnittleg tapstal for lam på utmarksbeite  gjekk ned frå 6,3 prosent i 2014 til 4,5 prosent i 2015. Gjennomsnittleg lammetap i landet var 6,6 prosent.

Dei lågast tapa finn vi i kommunane i Indre Sogn saman med mellom anna Naustdal, Gloppen og Stryn. Her er lammetapet under 4 prosent. Kystkommunane  Selje og Vågsøy hadde dei høgast tapa med 8 - 12 prosent tap.

Sau på utmarksbeite.
Sau på utmarksbeite. Foto: Ole B. Årdal

Beitesesongen 2015 vart til slutt ein svært god sesong trass i ein vanskeleg start. Våren var kald og våt, og med store snømengder i fjellet måtte fjellsendinga mange stader utsetjast med 2 – 4 veker. Enkelte valde å ikkje sleppte dyra på utmarksbeite i det heile på grunn av at sesongen vart så kort. Men fjellbeita vart gode og graset heldt seg friskt langt utover hausten. Nokre stader vart difor sankinga utsett 1-2 veker for å nytte dei gode beita.

Alt i alt vart 2015 den beste beitesommaren på lang tid både med gode slakteresultat og lite tap. Det var ingen store rovdyrangep, og i dei aller fleste beitelaga har tapstala for lam på utmarksbeite gått ned. Fleire lag melder likevel om aukande problem med mellom anna ørn og rev. Alveld og flått har enkelte stader ført til problem også denne sesongen. Eit godt beiteår, saman med dyktige sauebønder, gjer at Sogn og Fjordane også ligg i landstoppen når det gjeld slaktevekter og slaktekvalitet.

Prosent lammetap per kommune i 2015:

Prosent lammetap per kommune i 2015.

Utvikling i prosent lammetap i Sogn og Fjordane og landet:

Utvikling i prosent lammetap i Sogn og Fjordane og landet.