Historisk arkiv

Ny rapport om kampen mot resistente bakteriar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet har i samarbeid med Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og svinenæringa lagt fram ein ny rapport som visar at det er samfunnsøkonomisk lønnsamt for folkehelsa å hindre etablering av antibiotikaresistente bakteriar i norske svinehald.

I mange land har svinehald vist seg å vera eit reservoar for den resistente bakterien LA-MRSA. Noreg er det einaste landet som har valt å sanere svinebesetningar med denne bakterien av omsyn til folks helse. LA-MRSA er ein resistent bakterie som kan spreiast  mellom dyr og menneske. Hensikta med MRSA-strategien er å unngå at svinebesetningar blir ei kjelde for resistente bakteriar i samfunnet.

MRSA har lita betyding for grisane, men kan vere særs alvorleg for menneske. Sidan det første utbrotet i 2013 har Noreg difor hatt ein offensiv nedkjempingsstrategi med utslakting og sanering av smitta svinehald. Så langt har denne strategien vore vellukka.

Eg er særs nøgd med at denne nye rapporten frå Mattilsynet som dokumenterer at dei omfattande norske tiltaka óg er samfunnsøkonomiske lønsame, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Rapporten beskriv seks ulike handlingsalternativ. I rapporten kjem det fram at dei to mest effektive handlingsalternativa tilsvarar dagens MRSA-strategi. Dagens strategi vil og vere den mest kostnadseffektive, uavhengig av om næringa sine aukande forsikringskostnadar blir inkludert eller ikkje.