Historisk arkiv

Telemark lykkast med frukt- og bærsatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Frukt- og bærproduksjonen i Telemark brukar to prosent av jordbruksarealet, men står for ti prosent av verdiskapinga i jordbruket. Det viser ein fersk rapport om verdiskaping i Telemark sitt jordbruk frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Av ein samla bruttoproduksjon på 402 mill. kroner i 2015, kom 42 mill. kroner frå frukt og bær. Det er ein auke 30 prosent sidan 2011. NIBIO sitt arealbarometer viser at knapt 5000 dekar av jordbruksarealet på 240 000 dekar blir brukt til frukt- og bærproduksjon i Telemark.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Epla i Sauherad er snart klare for innhausting. Kommunen har jordsmonn og klima som er svært eigna for fruktproduksjon, og er blant dei største fruktdistrikta i Noreg.
Epla i Sauherad er snart klare for innhausting. Kommunen har jordsmonn og klima som er svært eigna for fruktproduksjon, og er blant dei største fruktdistrikta i Noreg. Foto: Fylkesmannen i Telemark.

Samspel og gode naturgitte føresetnadar

Fylkesmannen i Telemark melder at bøndene har treft blink med frukt- og bærsatsinga dei siste åra. Dei gode naturgitte føresetnadene i fylket eignar seg godt til produksjonen. Den positive utviklinga er eit resultat av godt samspel mellom eit levande og engasjert fagmiljø, kompetente rådgjevarar og tilrettelegging frå sentralt hald. Epler, moreller og plommer frå Telemark er alle innvilga geografisk vern som stadeigne produkt.

Utvikling i areala

Arealbarometeret viser meir enn dobling av areal til grønnsakproduksjon i perioden 2003 til 2016. Riktignok er dette den minste delen av jordbruksproduksjonen, men veksten har vore stor. Areal til grovfôr og innmarksbeite har også auka dei siste åra. Nærare 70 prosent av den dyrka jorda blir brukt til produksjon av grovfôr og innmarksbeite. Areal brukt til potet og korn har gått ned.

Potensial for vekst

Det meste av jordbruksarealet i Telemark er fulldyrka jord. Slik jord er dyrka til vanleg pløyedjupn og kan brukast til åkervekster og eng. Jorda kan fornyast ved pløying. Fylkesmannen rapporterer om at fylket har eit potensial for større produksjon. I tida framover blir det viktig å finna fram til rett produksjon til rett areal for å utnytta arealressursane best mogleg.

Gir informasjon om ressursgrunnlaget i norske fylke

Arealressurskarta frå NIBIO gir informasjon om ressursgrunnlaget i alle norske fylke, og viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Dei blir brukte av forvalting, næring og politikarar når dei treng overblikk over arealressursane og kva verdi dei har for samfunnet.