Historisk arkiv

Mange norske forskingsprosjekt får EU-støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Noreg har stor suksess med løyving av mange forskingsprosjekt innen landbruks- og matsektoren frå Horisont 2020.

Norske forskarar har lukkast godt i å hente forskingsfinansiering frå EU innen landbruks- og matsektoren. I desember 2016 fekk heile fem forskningsprosjekt med norske partnarar finansiering frå EU. Frå norsk side deltek forskingsinstitusjonane NIBIO, Nofima, Veterinærinstituttet, NMBU, Bygdeforskning samt ein rekkje andre norske aktørar.    

- Forsking og utvikling er naudsynt for auka berekraftig matproduksjon i ei tid med klimaendringar. Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å sikre at Noreg har gode forskingsmiljø. Dei gode resultata viser at det er høg kvalitet i den landbruks- og matfaglege forskinga i Noreg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Fem prosjekt med norske deltakarar har fått løyving frå Horisont 2020:

  • Eit prosjekt skal bidra til auka, berekraftig og klimatilpassa matproduksjon i Afrika. For meir informasjon sjå NIBIO  
  • Eit prosjekt, som skal koordinerast av Nofima, skal gi forbrukarane meir kunnskap om trygg oppbevaring og tilbereiing av mat. Keep-it As, Designit, SIFO og Arkitektur- og Designhøgskolen er og med i prosjektet. For meir informasjon hjå Nofima 
  • Samt tre prosjekt om ny kunnskap og bedre rådgiving innen landbruket, matmerking og matjuks og forbedra eng- og frøbelgvekstar.

Horisont 2020

Horisont 2020 er det største forsknings- og innovasjonsprogrammet i verda, med 80 milliardar euro fordelt på sju år (2014-2020). Målsettinga med programmet er å styrkje den økonomiske veksten og auke sysselsettinga i Europa. Norske bedrifter og forskningsmiljø kan delta på linje med kolleger og konkurrentar i andre europeiske land. Horisont 2020 er delt inn i tre hovedområde. Under temaet Samfunnsutfordringar er det definert sju sentrale tema. Ein av disse er "Berekraftig landbruk, bioøkonomi, mattryggleik og marin og maritim forskning".

FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
FNs bærekraftsmål 
FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtekne av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei første landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja berekraftig landbruk.