Historisk arkiv

Nytt utvalt kulturlandskap i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har peikt ut 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Alnes på Godøya i Giske kommune er ei av desse, og er eit kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker.

– For å ta vare på Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No gir vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa. Pengane skal gå til vedlikehald og stell av landskapet. Det er eit bidrag til å ta vare på kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Alnes på Godøya er eit kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker.
Alnes på Godøya er eit kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker. Foto: Lene Gjelsvik

Skildring av området

Alnes på Godøya er eit typisk fiskarbondelandskap på nordvestlandet. Dei har mykje av fiskeværet i klynge ute på ytste neset av strandflata, og klyngetun med våningshus på baksida. Naustrekke ligg mot sjøen, og jordteigar og beitebakkar ligg inn mot liene og fjellsida. Skulehus og bedehus er intakt, og rundt 70 bygningar er SEFRAK-registrerte. Alnes fyrstasjon vart freda i 2000, og eit nytt opplevingssenter opna ved fyret i 2016.

Landbruket består av småskala drift med to aktive sauebruk på sjølve Alneset, og elles mjølkeproduksjon og småfehald på Godøya. Den store naturbeitemark i Alneslia er ei av dei viktigaste på ytterkysten i Møre og Romsdal. Kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark er andre viktige naturtypeførekomstar.

Eit utvalt kulturlandskap

Dette er eit ope og relativt lite område med konsentrert busetnad langs sjøen, jordbruksareal i karakteristisk teigblanding bakanfor, beiteareal i lia opp mot fjellet, og lett lesbare natur- og kulturverdiar. Samanhengen mellom dei tradisjonelle næringsvegane - kombinasjonen mellom landbruk og fiske – er tydeleg i landskapet og gir eit heilskapleg fiskarbondelandskap ilag med fyret på ytste neset ut mot havet.

Arkeologiske funn, gravrøyser, mange eldre bygningar i kombinasjon med nyare bygg og samanhengande bruk av jordbruksareala heilt fram til vår tid gir tidsdjupne og kontinuitet.

Området er representativt for kystsamfunna som har levd av kombinasjonen jordbruk/fiske/fangst i denne delen av landet heilt frå den første busetnaden etter istida. På same tid er dette eit særs særprega øylandskap, med det opne kulturlandskapet på strandflata, omgjeve av beitelier og bratte fjellsider på eine sida og sjøen på andre.

Alneset har stor formidlingsverdi og verdi for rekreasjon og reiseliv. Området er mykje besøkt, og det er bygd eit nytt besøkssenter i 2016, for å avlaste dei freda bygningane ved Alnes fyr.

Planar for tiltak i området

Ein planlegg å få gjort tilstandsrapportar av bygningar, setje i stand steingardar, lage skjøtselsplanar og drive skjøtsel av naturtypar og landskap. Erosjonssikring, regulering av ferdsel med tilrettelegging av turstiar og skilting er aktuelt, og aktivitet og arrangement knytt til formidling.

Nykeltal

  • Areal: 150 daa
  • Dyrka jord: 80 daa
  • Innmarksbeite: 1500 daa
  • Beitemark: 5000 daa utmark, med blant anna naturbeitemark, kystlynghei, sanddyner