Historisk arkiv

Utvalt kulturlandskap i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har peikt ut 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Ormelii i Luster kommune er ein av desse, og er eit vakkert fjellandskap med høgdegard og stølar.

– For å ta vare på Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No gir vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa. Pengane skal gå til vedlikehald og stell av landskapet. Det er eit bidrag til å ta vare på kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Ormelid er ein representant for dei særmerkte høgdegardane på Vestlandet med ein ressursutnyttingsprofil frå lågland til høgfjellet.
Ormelii er ein representant for dei særmerkte høgdegardane på Vestlandet med ein ressursutnyttingsprofil frå lågland til høgfjellet. Foto: Leif Hauge©.

Skildring av området

Tunet og innmarka på høgdegarden ligg 450 meter over havet på ei dalhylle inst i Fortunsdalen. Dei to stølande Nedstestølen og Øvstestølen ligg 563 moh og 831 moh. Frå Fortun og via tunet og Øvstestølen går traseen til den gamle ferdavegen mellom Fortundalen og Bøverdalen. Ormelii gard vart freda etter kulturminnelova i 2011 og er rik på biologiske og kulturhistoriske verdiar.

Området har gamal kulturmark med lang kontinuitet og stort innslag av sjeldne og sårbare naturtypar - hagemark, beitemark, lauveng, haustingsskog og styvingstre. Slåttengene har nasjonal verdi og er ein utvalt naturtype. Her finst næringsrike enger og tørrenger med sjeldne artar som brudespore, vanleg nattfiol og bakkesøte.

Bygningar frå 1600-talet

Dyrkingsspor og strukturar frå tidleg landbruksdrift samt førhistoriske busetjingsspor er automatisk freda. Den freda bygningsmassen er godt bevart. Tunet har seks bygningar, frå 1600-, 1800- og 1900-talet. I innmarka finst tufter etter ei smie og ein husmannsplass. Stølane har bevarte hus, ruinar og intakte steinmurar. Den tidlegare mykje brukte Dølavegen mellom Sogn og Bøverdalen gjekk forbi Ormelii. Ferdslevegen over fjellet, med 20-40 vardar, kan vere opptil 3 000 år gamal og fortel om kontakt mellom ulike delar av landet over lang tid.

Tradisjonell gardsdrift fram til 1900-talet

Ormelii Gard vart drive tradisjonelt fram til slutten av 1900-talet, der eigarane vidareførte eit nedarva bruksmønster med lange tradisjonar. Eit intensivt utmarksbruk med slått og lauving la grunnlaget for produksjon av husdyrgjødsel som åkrane og dei beste engene kunne gjødslast med. Øvre og Nedre Ormelii fekk ein veg så seint som i 1987.

Stiftinga Ormelii gard eig no staden, som i dag ikkje har fast busetnad. Stiftinga skal ta vare på og forvalte Ormelii med bygningar, inventar, lausøyre, kulturlandskap. Staden skal og nyttast til kulturelle og ålmennyttige føremål og kultur. Naturbasert næringsverksemd tek utgangspunkt i garden sine ressursar.

Tek vare på artsmangfaldet gjennom driftsforma

Det skal bli etablert ei driftsform som tek vare på artsmangfaldet i området. Gardsdrifta på Ormelii er sikra gjennom leigeavtale med nabobruket, som slår innmarka maskinelt, og driv med kjøtproduksjon av storfe og geit. Dei marginale innmarksområda og særleg utmarksområda ligg stor sett unytta, med unntak av sporadisk beiting. Eigaren av garden er i gang med restaurering og skjøtsel av innmarksarealet, men det trengst fleire beitedyr og meir omfattande skjøtsel i større delar av området.

Utvalt kulturlandskap

Ormelii utgjer eit autentisk einskapleg kulturmiljø som syner heile garden sitt utnyttingsområde med tun, innmark, utmark og stølar og er lite prega av moderne tekniske inngrep. Ein eldre ferdselsveg bind det heile saman. Med unntak av det utbygde vassdraget Granfasta og kraftliner sør for nedre Ormelii er også det storskala landskapet i Fortunsdalen heilskapleg og visuelt einskapleg.

Det er påvist rydding på Øvreli tilbake i yngre steinalder. Garden har vore i ubroten bruk for matproduksjon i meir enn 4000 år. Kallenamnet på Øvstastova, «Herberget», vitnar om gamle tradisjonar for losjering av reisande på den gamle ferdavegen over fjellet til Bøverdalen.

Ormelii er ein representant for dei særmerkte høgdegardane på Vestlandet med ein ressursutnyttingsprofil frå lågland til høgfjellet. At landskapet med kulturmarker, bygningsmiljø, dyrkingsspor og strukturar er så godt teke vare på gjer området unikt.

Garden med kulturmarker har ein høg pedagogisk verdi og egnar seg både i undervisning og til forsking. Området er inngåande dokumentert gjennom det tverrfaglege prosjektet «Den tradisjonelle vestlandsgården som kulturbiologisk system» (1995–1998). Formidling av Ormelii si historie, bu- og driftsform og landskap er ein del av føremålet til stiftinga. Området er tilgjengeleg via ein lengre gardsveg frå Rv 55. Denne treng særskilt vedlikehald for å kunne nyttast med personbil.

Planar for tiltak i området

Det trengst restaurering og vedlikehald av bygningar og andre bygde element som bakkemurar, steingardar, rydningsrøysar, gamle ferdselsminne, skjøtsel av automatisk freda kulturminne, restaurering og skjøtsel av slåttemark, naturbeitemark, kantsoner og restareal. Årleg skjøtsel vil omfatte beiting med sau og geit og slått med ljå og maskiner.

Nykeltal

  • Areal: 849 daa
  • Fulldyrka: 10,4 daa
  • Overflatedyrka: 25,4 daa
  • Innmarksbeite: 26,4 daa