Historisk arkiv

Nytt utval skal få oversikt over klimagassutslepp frå jordbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er no sett ned eit utval som for fyrste gong skal sjå på metodar for korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre. Utvalet er samansett av representantar frå fleire departement, næringsorganisasjonane i jordbruket og fagekspertar. Utvalet skal leiast av Steffen Kallbekken som er forskingsleiar i Cicero.

Jordbruket sine utslepp blir ført i ulike sektorrekneskap, mellom anna jordbruks­sektoren, arealsektoren, transportsektoren og byggsektoren. Bruk av fossile energikjelder, fyringsolje til oppvarming, transport og liknande blir til dømes ikkje rapportert i tilknyting til rekneskapen for jordbruk, men høyrer inn under andre sektorar i klimagassrekneskapen. Det er i hovudsak utslepp knytt til metan og lystgass som blir rekna inn i jordbrukssektoren sitt rekneskap. Noreg si rapportering og metodikk er i tråd med krava i Klimakonvensjonen. 

I Landbruk og klimaendringer, rapport frå arbeidsgruppe i 2016, peiker ein på at det er ei utfordring å få synt fram næringa sine samla utslepp og bidrag i klimaarbeidet, sidan det berre er metan og lystgass som blir rekna inn i og gjort synleg i jordbrukssektoren sitt eige rekneskap. I rapporten blir det òg peika på at det er ei særskilt utfordring at endringar som blir gjennomførte på gardsnivå ikkje nødvendigvis blir fanga opp i dei modellane som ligg til grunn for resultatberekningane. 

Utvalsleiar Steffen Kallbekken.
Utvalsleiar Steffen Kallbekken. Foto: Cicero

Viktig nybrottsarbeid

– Dette utvalet skal gjere eit viktig nybrottsarbeid seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale, som er svært nøgd med at arbeidet no kjem i gang. – Jordbruket har sjølv teke til orde for å ta sitt ansvar når det gjeld å oppnå Noreg sine klimaforpliktingar. Det er imidlertid stor usikkerheit kring klimagassutsleppa i jordbruket og behov for betre kunnskap. Resultata som berekningsutvalet kjem fram til skal bidra til betre kunnskap om korleis klimautslepp og –opptak i norsk jordbruk heng saman. Slik vil tiltak som skal gjennomførast bli meir kostnadseffektive og basert på best mogleg kunnskap, seier Dale. 

Steffen Kallbekken, forskingsleiar i Cicero har takka ja til å leie utvalet. -Eg ser veldig fram til å gå i gang med utvalets oppgåver, seier Kallbekken. Den krevjande og viktige oppgåva vår er å undersøkje korleis vi betre kan syne fram jordbrukets samla utslepp, inkludert korleis tiltak som faktisk reduserar klimagassutslepp kan bli enda betre fanga opp i utsleppsrekneskapen. Dette er viktig for å synliggjere klimaeffekten av tiltak som gjennomførast i jordbruket, seier Kallbekken. 

Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp i jordbruket får ei verketid frå 9.11.2017 til 1.7.2019. Utvalet skal gi fagleg råd om korleis eksisterande berekningar av utslepp og rapporteringsrutinar knytt til utsleppsrekneskapen eventuelt kan forbetras. Utvalet skal sjå nærare på metodar for korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre. Utvalet skal ha sitt første møte den 12.12.2017. 

Kyr på beite, Gudbransdalen.
Kyr på beite, Gudbransdalen. Foto: Landbruks- og matdepartementet