Historisk arkiv

Hordaland er størst i landet på frukt og lokalforedla geitemjølk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Rundt ein tredel av all norsk konsumfrukt kjem frå Hordaland, og skapar store verdiar i fylket. Berebjelken i Hordalands-jordbruket er likevel husdyra. Verdiskapinga frå mjølkeproduksjon er størst, og utgjer om lag 45 prosent. Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Bynært jordbrukslandskap i Mellingen i Åsane bydel, Bergen kommune.
Bynært jordbrukslandskap i Mellingen i Åsane bydel, Bergen kommune. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Stor framtidstru 

Fire prosent, eller 520 000 dekar, av landarealet i Hordaland er jordbruksareal. Om lag 60 prosent av den dyrka jorda i drift i Hordaland blir brukt til gras, altså grovfôrproduksjon. Nær 40 prosent blir brukt til innmarksbeite. Berre to prosent av areala blir brukte til fruktproduksjon. Det er mykje innovasjon og nytenking knytt til fruktproduksjonen. Landbruksdirektøren i Hordaland peker på at framtidstrua er stor i fruktområda. Nye produkt som sider og saft har bidratt til å styrke inntektsgrunnlaget. 

Ulvik har stor fruktproduksjon og er mellom anna kjent for ‘sidderruta.’   Foto: Kjersti Kildahl, NIBIO
Ulvik har stor fruktproduksjon og er mellom anna kjent for ‘sidderruta.’ Foto: Kjersti Kildahl, NIBIO Foto: Kjersti Kildahl, NIBIO.

Mest lokalforedla geitemjølk

Hordaland har mest lokalforedla geitemjølk i Noreg, framfor store geitefylke som Oppland og Sogn og Fjordane. Kun ein prosent av geitemjølka i Noreg blir brukt lokalt. Arealbarometeret viser at talet på gardsbruk med jordbruksareal i drift har gått ned med 21 prosent i Hordaland dei siste 13 åra. Til tross for nedgangen i gardsbruk, held produksjonen av frukt og lammekjøt seg om lag stabil.

Geiter ved Nupshallanestølen på Haukelifjell, etter ein snørik vinter i 2015.
Geiter ved Nupshallanestølen på Haukelifjell, etter ein snørik vinter i 2015. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO.

Har mest overflatedyrka jord

Hordaland er det fylket i landet med mest overflatedyrka jord. Det er grasareal som er rydda og jevna i overflata slik at det kan haustast maskinelt, men ikkje pløyast. Fylket har og mykje innmarksbeite som også er kultivert, men som ikkje kan haustast maskinelt.