Historisk arkiv

Følgjer opp eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Handlingsplan mot antibiotikaresistens vart vedteke i mars 2016. Det er no utarbeid ein ny status for dei ulike tiltaka, både dei som utførast av Mattilsynet, Veterinærinstituttet, næringa og av departementet. Handlingsplana er forankra i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015 - 2020.

Dei overordna måla i strategien er redusert og riktigare bruk av antibiotika, og auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens. I tillegg skal Noreg være ein pådrivar i internasjonalt arbeid. Strategien omfattar og seks spesifikke mål for landbruks- og matsektoren. Dei er nærare omtala i handlingsplanen.

Noreg har i dag ein stor aktivitet både når det gjeld overvaking, forvaltningsmessige tiltak og forsking innafor landbruks- og matsektoren.

− Vi har ein særs ambisiøs strategi for å hindre at resistente bakteriar får fotfeste i norsk husdyrhald, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Vi har sett som mål mellom anna å redusere bruken av antibiotikum til husdyra med minst 10 prosent innan 2020 samanlikna med bruken i 2013. Det er eit mål vi er godt på veg til å klare. Utfordringane med antibiotikaresistens hjå våre husdyr kan bli eit problem for menneska, og landbruksnæringa tek sin del av ansvaret, seier landbruks- og matministeren.

Frå statusrapporteringa kan ein særskilt nemne: 

  • Landbruks- og matdepartementet deltar aktivt i internasjonale fora kor antibiotikaresistens er tema.
  • I 2017 har departementet i tillegg lagt spesiell vekt på å sikre framdrift i det nordiske samarbeidet mot globale utfordringar på antibiotikaresistensområdet ettersom Norge har hatt formannskapet i Nordisk ministerråd.
  • Overvakingsprogrammet NORM-VET for 2017 går som planlagt. Nasjonale kartleggingar vert gjennomført i tillegg til EØS-programmet.
  • Overvakinga av og tiltak mot MRSA hos svin vert vidareført. I 2017 vart det ikkje gjort funn av MRSA CC398 (for fyrste året sidan 2011).
  • Mattilsynet har samla inn prøver frå importerte hundar som analyserast for antibiotikaresistens ved Veterinærinstituttet. Resultantane av dette prosjektet skal nå oppsummerast og publiserast.
  • Mattilsynet utarbeider utkast til forskrift om meldeplikt for spesielle resistensformer hos dyr.
  • Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Miljødirektoratet sett på antibiotikaresistens i miljøet ved å undersøke prøver frå raudrev. Arbeidet vert vidareført ved å undersøke prøver frå hjortevilt.
  • Forskrift om testing av røktarar, dyreeigarar og andre som har vært i kontakt med svinebesetningar på høring vart fastsett av Landbruks- og matdepartementet 1. april 2018.
  • Ny dyrehelseforskrift vart fastsatt av Landbruks- og matdepartementet 26.april 2018.
  • Mattilsynet har sendt Landbruks- og matdepartementet et utkast til forskrift om bruk av husdyrgjødsel som skal godkjennast for høring.
  • Det er stor forskingsaktivitet på AMR - området.