Historisk arkiv

Oppmodar til felles innsats for matjorda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa meiner det er svært viktig å leggje til rette for å sikre matjorda som ressurs for framtidige generasjonar. – Kommunane har eit stort ansvar for å sørgje for at vi når jordvernmålet og at vi får ned omdisponering av matjord. Nettopp difor er kunnskapsdeling og konferanser som denne viktig. Det seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Hanne Maren Blåfjelldal.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal heldt i dag innlegg om den nasjonale jordvernstrategien på jordvernkonferanse i Bodø, i regi av Fylkesmannen i Nordland i samarbeid med Jordvern Nordland. 

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal Foto: Torbjørn Tandberg

I sitt innlegg framhevar Blåfjelldal at: 

  • Regjeringa meiner det er svært viktig å leggje til rette for å sikre matjorda som ressurs for framtidige generasjonar. Arbeidet som er lagt ned dei siste fire åra for å tryggje ressursane for framtida, har vist seg å vere vellykka. Nedbygginga har gått betydeleg ned, og målet er på det næraste nådd. Nedbygginga er no på det lågaste nivå på 30 år, med ei omdisponering på 4 025 dekar i 2017. 
  • Dei verkemidla som er tekne i bruk for å få dette til, er i hovedsak knytte til praktiseringa av plan- og bygningslova og til haldningsskapande tiltak. Dette er eit arbeid regjeringa legg vekt på å halde fram med. Slik regjeringa ser det, er det neppe noko å hente på å endre jordlova for å styrkje vernet av dyrka og dyrkbar jord, men kommunane må jamleg oppmodast om å praktisere regelen i lova, slik at ein både lokalt og nasjonalt tar vare på ressursane ut frå eit langsiktig perspektiv. 
  • Skal me klare å nå målet, er det avgjerande at kommunane er strenge med omsyn til omdisponering. Me må sjå alternativ til å byggje på dyrka jord, anten det er prat om samferdselsbygging, bustadbygging eller næringsutbygging. Det er ofte lettvint å byggje på dyrka jord, men me bør få fram at regelen skal vere at andre moglegheiter skal utforskast før ein avgjer at det er dyrka jord som skal byggast ned. Regjeringa ønsker å ta vare på god matjord. Samtidig har samfunnet eit ansvar for å leggje til rette for at det kan bli bygd fleire bustader, næringsbygg, veger og jernbane. 
  • Denna konferansen er eit viktig tiltak i jordvernstrategien. Det handlar om kompetanseoppbygging, erfaringsutveksling og endring av både haldningar og praksis. Skal me endre verda, må me endre menneska som styrer den.

Den nasjonale jordvernstrategien

Den nasjonale jordvernstrategien vart fyrste gong handsama i Stortinget i desember 2015. Stortinget fastsette då målet om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka jord til 4 000 dekar, og at dette skal nås gradvis innan 2020. I februar i år bad eit samrøystes storting regjeringa om å fremme ein oppdatert jordvernstrategi i statsbudsjettet for 2019.

Regjeringa la fram ein oppdatert jordvernstrategi i statsbudsjettet for 2019, som ligg til behandling i Stortinget. Den er i hovudsak ein vidareføring av eksisterande strategi, men med to nye tiltak. Det eine er at regjeringa vil greie ut ei søknads- eller meldeplikt i jordlova for å regulere landbruket si eiga nedbygging. Det andre tiltaket er at regjeringa vil greie ut eit krav om å tinglyse opsjonsavtaler som gjeld dyrka og dyrkbar jord.