Historisk arkiv

Bonde med mange jern i elden vert heidra med pris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Lars Ingvald Folkedal har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk. I dag vinn den allsidige bonden i Folkedal i Hardanger Bedriftsutviklingsprisen i Hordaland.

– Å få ei slik anerkjenning frå Innovasjon Norge betyr mykje for meg. Det gjev inspirasjon til å vidare utvikle garden som ein god arbeidsplass både for meg sjølv og andre, og samstundes prioritere kvalitet og bærekraft i alle ledd, både innan kjøttproduksjon og treforedling, seier Folkedal

– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald i norsk landbruk i dag. Folkedal er eit godt døme på den spennande utviklinga, det harde arbeidet og dei flotte resultata norske bønder er med på å produsere, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Lars Ingvald Folkedal
Lars Ingvald Folkedal har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk. Foto: Halldis Folkestad

Gardsslakteri og gardsbutikk
På Folkedal gjev eigne dyr i tillegg til råvarer frå andre gardar, grunnlaget for årleg slakting og foredling av 25 tonn kjøtt. Folkedal er sjølv slaktar og legg stor vekt på lokal slakting, til det betre både for dyr og matkvalitet. Han produserer og pølser, farse og stykningsdelar på garden.

Folkedal driv og sin eigen gardsbutikk der mykje av produkta vert seld. I tillegg leverer han kjøttvarer til storkundar og butikkar. I gardsbutikken sel han òg andre varer, mellom anna lokalprodusert honning og eplemost.

– Landbruket må ta eit aktivt klimaansvar i åra som kjem. Folkedal tilbyr kortreist mat, produsert på dyr som går heile sommaren på beite og som slepp å verte transportert lange vegar for slakting. I tillegg nyttar han lokal skog til bioenergi og til bygging av tradisjonsrike hus med lågt karbonavtrykk. Han syner at klimavenleg produksjon kan gje både arbeidsplassar og god lønsemd, og vi treng fleire bønder som han, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Vidarefører gamal byggeteknikk
Lars Ingvald Folkedal har også bygd opp eit eige sagbruk der han kan skjere vestlandsgran av store dimensjonar. Her produserer Folkedal tømmer til bygging av grindverkbygningar, som han også jobbar med, både på eigen gard og for andre. Grindeverksteknikken er ein ubroten byggeskikk spesiell for Vestlandet som har vore uendra i 3500 år. De gamle byggeteknikken fører til låge klimautslepp, med kortreist tømmer og tre som byggemateriale. Resultatet er estetisk vakre bygg, som framleis kan konkurrere på pris.

Den allsidige bonden er også i gong med å bygge ein heilt ny driftsbygning på garden, ein bygning på 1000 m2 med plass for 30 kyr. Denne vert sjølvsagt bygd som eit grindverkbygg. Ein moderne mjølkerobot skal kombinerast med den eldgamle byggestilen. Slakteriet, bustadhuset og den nye driftsbygningen vert varma opp med bioenergi frå eigen skog.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler hvert år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.  
  • Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.  
  • Det kåres en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner.  
  • De fylkesvise vinnerne deltar så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.  
  • Den nasjonale prisen vil bli delt ut under Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020. 

  • Les mer om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket og se oversikt over årets vinnere hos Innovasjon Norge