Historisk arkiv

Nytt europeisk nettverk for klimasmart jordforvaltning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

26 institusjonar frå 24 europeiske land har slått seg saman for å finne fram til berekraftige løysingar for forvaltning av landbruksjord. Håpet er at samarbeidet skal medverke til å løyse nokre av samfunnsutfordringane knytt til framtidig matproduksjon i eit endra klima.

Jord tilfører viktige næringsstoff til planter og planterøtter, og ikkje minst vatn. God og fruktbar jord er heilt nødvendig for matproduksjon og for produksjon av dyrefôr, tømmer og anna biomasse. Det biologiske mangfaldet som er i jordsmonn er dessutan viktig for et breidt spekter av økosystemtenester. Jord er det største karbonlageret vi har på land.

Begrensa ressurs

Jord er ein begrensa ressurs, og erosjon, næringsstofftap, forureining og nedbygging gir press på landbruksjorda. Intensivt jordbruk som følgje av stadig større etterspurnad etter mat og biomasse gjer også at jordkvaliteten blir dårlegare i mange land.

Med bakgrunn av desse utfordringane, vart European Joint Programme EJP SOIL stifta i mars i år. Forskarar frå 26 institutt i 24 europeiske land er med i nettverket, der Noreg er representert av NIBIO. Målet er å samle inn og utvikle ny kunnskap frå deltakerlanda, og finne verktøy og metodar på tvers av disiplinar for klimasmart og berekraftig forvaltning av landbruksjord.