Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, med mellom anna ein artikkel om Idrettens Hus i Molde, som kan være det største idrettsbygget i tre som er bygd i Noreg.

Idrettens Hus i Molde 

Om du har vore og besøkt Romsdalsmuseet i Molde i det siste, har du kanskje lagt merke til at det kjem ein ny nabo. Rett på andre sida av gata reiser det seg eit imponerande trebygg, i ein størrelse vi ikkje ser ofte på våre kantar. Dette skal bli det nye Idrettens hus i Molde. Kan dette vere det største idrettsbygget i tre som er bygd i Noreg?

Idrettens hus i Molde er under bygging.
Idrettens hus i Molde er under bygging. Foto: Christina Qvam Heggertveit

Tredriverprosjektet i Møre og Romsdal har gjennom fleire samlingar oppmoda og inspirert kommunane til å byggje nye offentlege bygg i tre, slik Molde kommune no gjer. Idrettens hus er eit av dei største idrettsbygga som er planlagd og oppført i tre i Noreg. Vikingskipet på Hamar har større areal, men Idrettens hus inneheld meir trevirke. Idrettens hus skal byggast med massivtreelement, også kalla KL-tre (krysslimt tre). Dette bygget er spesielt på mange måtar, fordi det skal innehalde ein rekke spesialrom til utstyrskrevjande idrettar. Totalt blir dette bygget på  8 400 m2.

Gjennom samspel  har byggherren Molde kommune og entreprenør sett at dei kan byggje fleire kvadratmeter innan for budsjett, enn først tenkt. Slik har ein fått meir areal i kjeller og alle etasjar er knytt til terreng med tilkomst på alle fire sider av bygget. I følgje Joakim Dørum, Green Advisers, er det i dette bygget brukt løysningar ein ikkje har nytta før.

Molde Berekosntruksjonar i limtre.
Berekosntruksjonar i limtre. Foto: Christina Qvam Heggertveit

Trebygging gir store moglegheiter for å bruke eit råmateriale som veks i Norge. Det vil nok og glede mange å vite at massivtreelementa som Idrettens hus for det meste er produsert i Noreg. Ein stor del av dei er til og med produsert lokalt i ein snikkarverkstad på Hjelset i Molde kommune. Herifrå er det levert 112 lastebillass med ferdige element. Andre element kjem frå Nordisk massivtre i Kongsvinger, limtreet kjem frå Norsk limtre i Mosvik, Fosen, medan dei lengste limtrevarene kjem frå Splitkon, sjølv om dei er produsert i Sverige.

Sjølve oppføringa av bygget blei gjort på 4,5 månad, og det skal installerast energibrønnar og behovsstyrt varme- og ventilasjonstekniske løysingar. 

Idrettens hus var etter plana tett i desember 2019, og vil vere klart til skulestart i august 2020. Prosjektet har ei investeringsramme på kr 182 mill.

Green Advisers AS er arkitekt og byggteknisk rådgjevar på Idrettens hus, og har gitt oss følgjande fakta om bygget. Dimensjonen på dei største bjelkane er 0,4 m x 1,5 m x 29 m og veg ca 8.700 kg. Ei mengde plank som hadde vore nok til ein einebustad. 

Ved fylkesmannen si landbruksavdeling har vi også rekna på nokre «funfacts».  Det er truleg brukt ca. 3.000 m3 med trevirke til å bygge Idrettens hus. Med 50 % skurutbytte trengs det 6.000 m3 sagtømmer.

Vi har lange tradisjonar med å byggje i tre, sjølv om element bygg på denne måten er ny for mange. Ifølge Green Advisers AS kan Idrettens hus samanliknast med metodane som stavkyrkjene blei bygd etter, med støylar og bjelkar, og med avstivande «yttervegger i massivtre» mellom. Likevel er dette eit bygg med stor fokus på innovasjon, berekraft og industrialisering.

Kontakt:  Rådgjevar Christina Qvam Heggertveit, fmmrchhe@fylkesmannen.no , tlf.: 71 25 85 72. 

Landbruksmøtet i Møre og Romsdal 2020

Fylkesmannen arrangerer kvart år eit dagsmøte der næring, forvaltning og samvirke møtes.  Leiarar og tillitsvalde  blir invitert til å diskutere strategiar og samarbeid. Møtet har blitt eit fast punkt på årshjulet, og ein nyttig arena for diskusjonar om retningsval og prioriteringar. Alle organisasjonane er på førehand utfordra til å beskrive FoU behovet  innanfor sin sektor, og desse innspela gir eit verdifullt grunnlag for samarbeidet med Trøndelag gjennom Grøn Forsking Midt-Norge.

FoU miljø – her representert ved Direktør Turid Strøm (Norsøk) er aktive deltakarar på landbruksmøtet.
FoU miljø – her representert ved Direktør Turid Strøm (Norsøk) er aktive deltakarar på landbruksmøtet. Foto: Arnold Hoddevik

I tillegg til forsking, har utviklings- og rådgjevingstiltak ein fast plass. Vi legg til rette for å dele erfaringar og ambisjonar på tvers av organisasjonane. Vi sette også av tid til å diskutere innhaldet i «klimaoppdraget», og muligheitene som ligg i samarbeid mellom aktørane.  Alle organisasjonane på møtet har oppdrag og roller opp mot landbruk og klima, og fleire tiltak kallar på samarbeid.

Åsmund Asper frå Fylkesmannen innleia til diskusjon og inviterte organisasjonane til samarbeid for å møte klimaoppdraget.

 Åsmund Asper, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Åsmund Asper, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Foto: Arnold Hoddevik

Kontakt:  Landbruksdirektør Frank Madsøy, fmmrfrma@fylkesmannen.no , Tlf.: 71 25 84 03.  

Deltaking på Grüne Woche (IGW) 2020

Fylkesmennene i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal drog til Berlin saman med representantar frå Innovasjon Norge, fylkeskommunane og 20 produsentbedrifter for å løfte fram Matnasjonen Norge. 

Begeistringa  er alltid like stor i Fjord Norge-regionen når vi får invitasjon frå Landbruks- og matdepartementet og Innovasjon Norge om å delta på Grüne Woche i Berlin. Prosjektorganisasjonen vart sett med det same invitasjonen kom og Matarena frå Bergen vart hyra inn som støttespelarar.

Det kokkefaglege ansvaret hadde Christer Økland og Bård Emil Underthun frå Vestland og Stian Røsand og Olav Jørgensen frå Møre og Romsdal. Mange rettar vart laga frå botnen på kjøkkenet vårt.

Matfagleg ansvarleg Stian Røsand,
Matfagleg ansvarleg Stian Røsand, Foto: Aud Lindset Drågen

Det er alltid utfordrande når ein skal velje ut produsentbedrifter som skal få delta under messa, i Fjord Norge har vi mange solide bedrifter å velje mellom. Eit godt samarbeide over fylkesgrensene gjorde at vi fann føretak som utfyller kvarandre på ein god måte, og vi fekk ein fin kombinasjon av deltakarar som hadde vore med tidlegare og nykommarar.

Kva ville vi vise? Jau vi ville vise det mangfaldet vi har her på kysten når det gjeld mat. Vi har alt frå ost, vilt, kjøt av alle slag til sjømat, frukt og bær. Vi merkar oss at sideren frå Vestlandet har blitt ein slager. Produksjonen strekkjer seg no heilt opp til nordre Nordmøre. Det er som vi seier: God sider høver til alt!

Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo, innehavarar av Skarbø Gard.
Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo, innehavarar av Skarbø Gard. Foto: Aud Lindset Drågen

Rekruttering og generasjonsskifte var viktige tema både for næringsdelegasjonen og under regiondagen. Georg Fredrik Ueland frå Nyyyt as i Rogaland deltok saman med næringsdelegasjonen på møta første dagen. Under regiondagen i ambassaden heldt Johanne og Paul Nygård, to generasjonar frå Kandal Kjøtt i Vestland innlegg om sine erfaringar, utfordringar og tankar om generasjonsskifte.

Vi møter gjestane på messa som er interessert i dei norske fjordane og fjella. Dei har og stor glede av å fortelje kor i Norge dei har vore og kor dei ønskjer å dra neste gong dei skal vitje landet vårt.

Siste fredagen på messa hadde Fjord Norge-regionen eigen temadag for politikarar, rådgjevarar og aktørar frå næringa. Tilbakemeldingane frå næringa var at vi i Fjord Norge-regionen samarbeider godt og næringsutøvarane har hatt utbytte av samarbeidet og ser fram til ei vidareføring av dette.

Janet Roelofs, innehavar av Stolt mat AS.
Janet Roelofs, innehavar av Stolt mat AS. Foto: Aud Lindset Drågen
Olav Jørgensen(fagkokk) og Ingerid Wembstad (prosjektkoordinator).
Olav Jørgensen(fagkokk) og Ingerid Wembstad (prosjektkoordinator). Foto: Aud Lindset Drågen
Dirk Kohlmann, Annabell Pfluger, Marit Hjortung, Ingerid Wembstad, Ragna Flotve, Aud Lindset Drågen.
Dirk Kohlmann, Annabell Pfluger, Marit Hjortung, Ingerid Wembstad, Ragna Flotve, Aud Lindset Drågen. Foto: ukjent

Kontakt: Rådgjevar Aud Lindset Drågen, fmmraudr@fylkesmannen.no , tlf.: 71 25 85 73.

Forvaltningsplanar for Utvalde Kulturlandskap

Som så mange andre fylkesmennsembete, har også vi i Møre og Romsdal fått i oppgåve å utarbeide forvaltningsplanar for utvalgte kulturlandskap (UKL). I denne runden gjaldt det UKL Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta og Volda kommuner, og UKL Alnes i Giske kommune. Etter ein anbodsprosess så inngjekk Fylkesmannen avtale med konsulentfirmaet Ose As som skulle stå for utarbeidinga av planane, medan Fylkesmannen hadde ei koordinerande rolle. Vi har lagt til grunn stor grad av medverknad gjennom oppretting av arbeidsgrupper der kommunane, grunneigarar, lag og organisasjonar har delteke aktivt. Dette var eit viktig mål for Fylkesmannen for å få forankra arbeidet mest mogleg lokalt. Det har også vore gjennomført fleire bygdemøter med god deltaking og stort engasjement.

Hovudføremålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for ønska utvikling med aktiv forvaltning gjennom skjøtsel, bruk og vern. Planane skal vere eit styringsverktøy for kommunane, som 1. januar 2020 overtok forvaltningsansvaret for UKL-områda. Dei er også retningsgivande for grunneigarar, lag og organisasjonar som vil søkje om midlar for å gjennomføre tiltak i sitt nærområde.

Alnes ligg på ei smal og flat landtunge ut i storhavet mot nordvest.
Alnes ligg på ei smal og flat landtunge ut i storhavet mot nordvest. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det er både likheiter og ulikheiter med dei to UKL-områda, både i geografi/topografi og utfordringsbilete. I storleik er det distinkt forskjell då UKL Alnes er lite og avgrensa, medan UKL Hjørundfjorden og Norangsdalen omfattar eit heilt fjordsystem frå hav til fjell. Ei av hovudutfordringane på Alnes er å regulere/kanalisere turismen slik at den vert berekraftig og ikkje går utover av dei verdiane som UKL-området skal ivareta. I Hjørundfjorden og Norangsdalen ønskjer dei meir tilrettelegging for turisme og lokal næringsutvikling. Felles for begge områda er mangel på beitedyr og gjengroingsproblematikk.

Hjørundfjorden er omgjeve av bratte og høge fjell. Her frå Kalneset inst i fjorden.
Hjørundfjorden er omgjeve av bratte og høge fjell. Her frå Kalneset inst i fjorden. Foto: Arnold Hoddevik

Forvaltningsplanane er no i siste innspurt med kvalitetskontroll, og Fylkesmannen har som mål at desse vert oversendt til kommunane snarast slik at dei kan leggast til grunn for årets søknadsrunde og tildeling av økonomiske midlar, basert på dei mål og tiltak som planane skildrar.

På sykkel får ein oppleve det det vakre kulturlandskapet i på nært hald. Her frå Norangsdalen.
På sykkel får ein oppleve det det vakre kulturlandskapet i på nært hald. Her frå Norangsdalen. Foto: Tormod Meisingset

Kontakt:
Rådgjevar Ragnhild Naug Aas, fmmrraaa@fylkesmannen.no,
tlf.: 71 25 85 19.
Rådgjevar Elin Nesje Sætre, elnsa@fylkesmannen.no,
tlf.:71 25 84 28.

Samling i nettverk for berekraftige bygg

Den 25. februar arrangerte Tredrivaren og Fylkesmannen i Møre og Romsdal samling i nettverk for berekraftige bygg i Ørsta.

Tema for samlinga var berekraftige bygg – materialval og energi løysingar, brannsikring av trekonstruksjonar- regelverk og treets eigenskapar ved brann, og anskaffelsesmetode – samspelsmodellar tilpassa mindre kommunar.

Val av tema hadde bakgrunn i planlagde byggjeprosjekt for fleire av kommunane på Sunnmøre, der det mellom anna skal byggjast skuler og ein brannstasjon.

Det blei fullt hus på hotell Ivar Aasen. Målgruppa for samlinga var prosjektleiar for byggeprosjekt, leiarar for utbygging/eigedom/kommunalteknikk, rådmenn og politikarar, andre administrative representantar som er involvert i vedtaks- og innkjøps-/investeringsprosessar i kommunane. Det var 42 påmelde, dette vurderer vi som eit godt oppmøte. Blant deltakarene fann vi også lokale byggefirma, arkitektar og konsulentar.

Innhaldet for samlinga bar preg av innleiarar som hadde lang, praktisk erfaring frå tema dei fortalde om, samstundes som forsking blei referert til på ein lettbeint og fin måte. Det sørga Bengt G. Michalsen frå BGM arkitektar og Leif Tore Isaksen frå Sweco for. Mange fekk ny kunnskap om trebyggeri, tekniske løysingar for lågare klimagassutslepp frå bygg, korleis tre bevarer styrken sin gjennom brann, og når trematerialar ikkje held.

Leif Tore Isaksen frå Sweco ver ein av fleire som haldt innlegg.
Leif Tore Isaksen frå Sweco ver ein av fleire som haldt innlegg. Foto: Christina Qvam Heggertveit

Samlinga hadde og fokus på det offentlege si rolle som innkjøpar og drivar for utvikling av marknaden for lavutsleppsbygg og -materialar. Samt korleis innkjøpsregelverk og entrepriseformar er eit viktig verktøy for å nå klimamåla i kommunane. Her hadde vi med oss Morten Christensen og Marianne Nørholm frå Marstrand som forklarte oss om samspelsentreprise. Formålet med denne modellen er å etablere samspel mellombyggherre, entreprenør og leverandør i tidlegfase. Målet er å få en felles tillit, reduserer risiko ved prosjektet, og auke kvalitet og verdiskapinga i prosjektet.

Fylkesmannen har fått melding om at kommunane på Nordmøre ønsker tilsvarande samling. Samlinga vert i Kristiansund den 23. mars, og har allereie 20 påmeldte,

Kontakt:  Rådgjevar Christina Qvam Heggertveit, fmmrchhe@fylkesmannen.no , Tlf.: 71 25 85 72. 

Nytt utstyr i bratte lier; T-winch

At det finst bratte lier med mykje skog her i vest er ikkje noko nytt, men her er det også gode vekstvilkår for skogen. Ein kan finne ståande volum pr. daa frå 40 m3 , og faktisk heilt opp mot 100 m3 pr daa. Driftsmetodane er «vanleg» maskinelt utstyr eller taubane. Taubane er ein kostbar driftsmetode og så lenge vi kan køyre maskinelt er dette å føretrekke, men vi har lier der ikkje anna enn taubane er mogleg.

T-winch, lagd av Ecoforst i Austerrike, ser ut som ein liten bil med beltedrift. Denne 10 tonn tunge krabaten vert sett fast høgst i lia, spent fast i tre, røter eller stein og slepp ned skjeret i dragretning. Hogstmaskin og lassberar kan då vinsjast vertikalt opp og ned i terreng med 50 – 55 % stigning.

Demo av den fyrste T-winchen her i landet, Stardalen, Jølster kommune april 2018.
Demo av den fyrste T-winchen her i landet, Stardalen, Jølster kommune april 2018. Foto: Åsmund Asper

Med ei trekkraft frå 2 til opp mot 10 tonn er prinsippet for T-winchen litt som med ein bil som sitt fast i snøen. Berre litt ekstra kraft gjer at skogsmaskina klarer det utrulegaste og kjem seg opp og ned, det vert heller ikkje store køyreskadar i terrenget.

Vinsjen ligg med eit fast drag, og svarar i det maskina sett seg i bevegelse opp eller ned lia. Vinsjen klemmer også akslingane på skogsmaskina ned mot bakken slik at den får utnytta eigen drivkraft betre.

Effekten av vinsjen er skånsam maskinell hogst i terreng som tidelegare var utenkeleg for maskin eller som krev store inngrep. Drifta skjer med minimalt av graving, kortare køyreveg for lassberar, lite hjulspor i bratta og med sikkerheit og betra komfort for førar.

Fagdag med T-winch» fengjer mange. Rødset, Stranda kommune, november 2019.
Fagdag med T-winch» fengjer mange. Rødset, Stranda kommune, november 2019. Foto: Åsmund Asper

Vinsjen vinsjar seg sjølv opp lia, og vert køyrt med fjernkontroll. Med 500 m vire kan den nyttast i dei fleste plantefelt vi har. Vinsjen kan bytast mellom hoggar og lassberar. To maskinar som nytter same vinsjen krev ein god plan for korleis ein skal drive ut skogen på feltet

Driftsprisane vil variere, men dei prisane vi ser i dag ligg omtrent der «gravedriftene» låg tidlegare, og faktisk stadvis litt lågare. Med mindre inngrep i lia, betra effektivitet og sikkerheit, og bruk i lier der ein nå ikkje treng taubane, så ser vi at T-winch er eit nytt og positivt element for skogbruket i bratte lier. I skrivande stund går det ikkje mindre enn 3 T-winchar i Møre og Romsdal, alle på Sunnmøre.

Kontakt:
Fylkesskogmeister Åsmund Asper, fmmrasas@fylkesmannen.no, tlf.: 71 25 84 07/ 918 83 236.