Ny rapport om investeringsbehov innan mjølkeproduksjon mot 2034
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.03.2021
I mjølkeproduksjonen er det framleis eit stort investeringsbehov for å møte kravet om lausdrift som trer i kraft 1. januar 2034. NIBIO har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet gjort berekningar av investeringsbehovet innan mjølkeproduksjonen som følgje av kravet om lausdrift.
I rapporten blir det gjort greie for status for omlegging frå båsfjøs til lausdriftsfjøs både nasjonalt og regionalt, samt gjort berekningar av investeringsbehovet framover i tid, under ulike føresetnader.