Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve at Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om tredrivaren i Møre og Romsdal si deltaking på Designer’s Saturday. Nedst ligg ein artikkel om Norddal og Herdalen som vinnar av Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal, med mange flotte bilete av kulturlandskapet i området.

Made by Wood – Stopp 11 på Designers’ Saturday

Den 10. - 12. september vart det opna mange dører i Oslo for alle som ville sjå det siste og beste innan møblar, belysning, tekstil, kjøken og golv.

Designers’ Saturday er den største møteplassen for design- og interiørarkitektar i Noreg. Arrangementet hadde om lag 6 000 besøkande og 170 utstillarar. Hovudtema for utstillinga var «change». Vi vart utfordra til å sjå verdiskaping, ressursbruk og forbrukaransvar i lys av endringane vi er i, som vi har i vente og som vi må ta aktiv del i. 

Design og «high-end»

Fredag 10. september var fagdag. Her deltok Tredrivaren i Møre og Romsdal, Christina Qvam Heggertveit, med foredrag på Stopp 11 – Made by Wood. Made by Wood er eit designstudio for dei tre snekkarbedriftene Melby, Meling og Hamran. Deira spesialitet er treprodukt som er «skreddarsydd» for kunden sine behov. Dei siste åra har verksemdene utvikla produkt av norsk eik, skore på saga til Vintereik AS. I utstillinga fekk vi sjå trapper, kjøken, vindauge og dører laga av norsk eik frå Sørlandet.

Å utvikle «high-end»-produkt av norske treslag er eit mål for fleire. Mellom anna har Kystskogbruket som mål at det norske tømmeret skal bli betre utnytta lokalt. Spesielt gjeld dette dei treslaga som i dag ikkje vert nytta til anna enn bioenergi. Dersom treslaga kan nyttast i møbelproduksjon, vil verdien av dette tømmeret stige. Vi kan få nye, spanande verdikjeder med positive ringverknader for lokalsamfunna.

Christina Qvam Heggertveit er fylkesskogmeister i Møre og Romsdal og tredrivar i fylket.
Christina Qvam Heggertveit er fylkesskogmeister i Møre og Romsdal og tredrivar i fylket. Trappa er produsert av Melby Snekkerverksted, laga av norsk eik frå Sørlandet. Materiala kjem frå sagbruket Vintereik AS. Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Kystskogbruket

Kystskogbruket er eit samarbeid mellom skog- og trenæringa, statsforvaltarar og fylkeskommuner i alle kystfylka. Herifrå deltok Tredrivaren frå Rogaland, Kristin Bryne-Sandvik og prosjektleiar Nord for FoU, innovasjon og trebruk, Camilla Bersvendsen. Målet med samarbeidet er å auke verdiskapinga frå skogbruket langs kysten av Noreg, sjølv om tredrivarprosjektet er landsdekkande, med Innovasjon Norge som koordinator og delfinansier. 

Møre og Romsdal sin tredrivar deltok på Designers’ Saturday som del av Kystskogbruket. Alle dei tre bedriftene i Made by Wood sorterer inn under Kystskogbruket sitt nedslagsfelt.

Hamran Snekkerverksted har produksjon av kjøken og interiør på Snartemo utanfor Lyngdal. Dei har ei lang historie og har vore i drift sidan 1930. Melby Snekkerverksted lagar trapper for kundar i inn- og utland. Dei held til på Eide, nord for Molde. Dette er også ei familiedrive verksemd med historie tilbake til 1950. Og sist, men ikkje minst, Meling, som starta som båtbyggeri på Kvitsøy på 1800-talet. No lagar dei skreddarsydde vindauge og dørar, med lang haldbarheit.

Bruk av tre – og det grøne skiftet

Kva ville tredrivaren i Møre og Romsdal at deltakarene på Stopp 11 skulle ta med heim frå fagdagen hos Made by Wood? Ho ville gje svar på nokre av dei spørsmåla som ofte kjem opp når ho oppmodar om auka bruk av tre. Kvifor er auka bruk av tre eit verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa i Noreg? Kvifor kan ein påstå at tre er eit klimavenleg materiale? Korleis veit vi at tømmeret kjem frå berekraftig skogbruk? Og har vi nok skog til å dekke behova våre?

Tema for utstillinga var «change» - endring, og kva endring er vel meir imponerande enn at luft, vatn og sollys blir til tømmer og byggematerial? Samstundes vert karbon i lufta bunde i treverket. På den måten vert dette karbonet hindra i å ta del i drivhuseffekten. Om lag halvparten av treverket er karbon. Med dette i bakhovudet kan ein raskt rekne seg fram til at skogen si evne til å binde karbon og til å produsere byggematerial er noko vi MÅ nytte oss av i det grøne skiftet.

Mengda energi som vert nytta til å produsera trelast er lågare enn for tilsvarande mengde stål og betong. Ein kan dermed oppnå ein reduksjon i klimagassutslepp ved å erstatte ikkje-fornybare og klimakostbare byggjematerial med tre, der ein har teknisk høve til det. Vi ser nærare på kor mykje ein får av eit spesielt materiale for den same mengda CO2-ekvivalentar.

Illustrasjon av kor mykje materiale ein «får for 70 g CO2-ekvivalentar».
Illustrasjon av kor mykje materiale ein «får for 70 g CO2-ekvivalentar». Foto: Bård Solem, Eggen arkitekter, 2019

1. Massivtre Splitkon 1000 cm3.

70 kg ekv/m³.

2. Limtre Moelven prosjektlimtre 935 cm3.

72 kg ekv/m³.

3. Betong armert B30 M60 Lavkarbon
B ikke resirk. armering 160 cm3.

440 kg ekv/m³. 

4. Stål (13-20 % resirkulert) 3,5 cm3.

2,62 kg ekv/kg.

5. Aluminium (ny alu.) 2,0 cm3.

13,0 kg ekv/kg.
Varierer fra 4-20 kg ekv/kg globalt.

6. Tegl (hulltegl) 200,0 cm3.

220 kg ekv/tonn.

Høgt miljøsertifisert tømmervolum

Tredrivaren nytta dessutan sjansen til å fortelje om avskoginga som starta på1600-talet og om skogreisinga etter andre verdskrig. Ho fortalde at tømmervolumet har meir enn dobla seg dei siste 80 åra, og aukar stadig. For kystfylka finnast estimat som seier at voluma av hogstmode tømmer vil doble seg fram mot 2045. Samstundes må skogeigarar kjenne ansvar for god skogforvalting og andre naturverdiar enn tømmer. Vi skal nytte det fantastiske råstoffet skogen produserer, men like viktig er det at vi held i hevd den artsrike naturskogen, der høg alder, daud ved, store dimensjonar og kontinuitet er viktig for mange artar.

I Noreg er så godt som all hogst miljøsertifisert, medan på verdsbasis er berre 13 prosent av tømmerproduksjonen sertifisert. Er ikkje dette enda ein god grunn for å etterspørje norske, lokalproduserte og kortreiste byggjematerial?

Kvalitet og helsegevinst

Av omsyn til skogen og ressursgrunnlaget er det også viktig å vere medvitne i materialbruk og materialval. Kvalitetsprodukt av gode material har ofte lang levetid. Vakre møblar og innretningar tek vi lettare vare på og let dei kanskje gå i arv når det er mogeleg.

Naturmaterial rundt oss, og inne i bygningar, ser ut til å ha gunstig verknad på helsa vår. Slike tema vart også nemnt under programmet på Stopp 11 hos Made by Wood.

På søndagens program deltok ein anna trebasert bedrift frå Møre og Romsdal under TALKS på Nasjonalmuseet, stoppestad 12. Her deltok Pål Lunner, gründer og dagleg leiar i Fjordfiesta som lagar møblar med norsk design. Fjordfiesta har utstrekt bruk av tre og tydelege ambisjonar for lang levetid på produkta. Pål Lunner deltok saman med Jan Christian, CEO i Vestre. Dei diskuterte og utdjupa "The Big Plus - Mer bærekraftig enn bare seg selv" – med høve for sirkulære løysingar med norsk design, der økonomiske, økologiske og sosiale verdiar er del av verdiskapinga.

Kontakt: Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, fmmrchhe@statsforvalteren.no

Auka fokus på forynging av skog

I Møre og Romsdal har Statsforvaltaren eit særskilt fokus på manglande forynging etter hogst. Vi har oppretta ei engasjementstilling på seks månader til dette arbeidet.

Fylket har dei seinare åra hatt ein kraftig oppsving av hogstaktivitet. Større hogstflater har vorte vanlegare. Når ein samanliknar arealet som vert hogd med arealet som vert planta, finn ein at det er ein del hogstareal som ikkje vert forynga.

Foryngingsplikt

Etter skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk, skal skogeigaren sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst. Skogeigaren utløyser si eiga foryngingsplikt når han bestemmer seg for å hogge skogen.

Årsaker til dårleg forynging

Det er fleire ulike årsaker til at skogareal ikkje vert forynga etter hogst. Nokre årsaker er knytt til skogeigaren sine haldningar og interesser. Andre er knytt til ulike skadegjerarar som i nokre område gjer det vanskeleg å forynge skogen. Manglande forynging påverkar grunnlaget for framtidig volum- og kvalitetsproduksjon. Vi risikerer at produktive skogareal går ut av framtidig skogproduksjon.

Bistand og pådrivar i kommunane

Gjennom engasjementet ønskjer Statsforvaltaren å yte bistand overfor kommunane. Vi vil også vere ein pådrivar i kommunen sitt arbeid med gjennomføring av resultatkartlegging for miljø- og skogbrukstiltak og foryngingskontroll.

Granplante i god vekst.
Granplante i god vekst. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fagsamling

Som eit ledd i dette arbeidet arrangerer Statsforvaltaren mellom anna ei fagsamling for den kommunale skogforvaltninga. Samlinga set fokus på problematikken med manglande planting etter hogst. Vi ønskjer også å bidra til at kommunane vert meir samkøyrte i vurderingane av kva som er tilfredsstillande forynging. Dei skal vite når det er på sin plass at kommunen pålegg skogeigaren å utføre planting.

Kontakt: Kristian Bergheim, tlf 71 25 84 99, krber@statsforvalteren.no

Droner inn i landbruket

Forynging av skog og bruk av drone til sprøyting av uønska vegetasjon. Dette var tema då Allskog arrangerte skogdag i Nørdalen i Stordal i haust. Biodrone AS hadde med to droner, og viste ein av dei i bruk.

I Møre og Romsdal har vi dels store utfordringar med å få opp att ny skog grunna konkurrerande vegetasjon. På frodige marker kan gras og lauvkratt skygge ut småplanter. Dette vil kunne sinke veksten slik at det går lenger tid før skogen vert hogstmoden. Uønska vegetasjon kan også gje dårlegare kvalitet på tømmerskogen.

Det har vore svært lite sprøyting av skogsmark dei siste åra, noko som skuldast fleire forhold. Skogbruket ønskjer ikkje å bruke sprøytemiddel anna enn når det strengt tatt er naudsynt. Dessutan er bruk av ryggtåkesprøyte krevjande arbeid i bratte lier som i demonstrasjonsfeltet i Nørdalen.  

Umodent regelverk

Drona som vart demonstrert i Stordal hadde berre vatn i tanken. Regelverket opnar ikkje for bruk av drone til skogsprøyting i dag utan dispensasjon. Både Allskog og Biodrone AS arbeider opp mot sentrale mynde, m.a. Mattilsynet, for eit klarare regelverk. Dette er eit døme på at utviklinga av teknologien går raskare enn regelverket klarer å følgje med på.

Drona svever over eit plantefelt av gran som er attgrodd med lauvtre i Nørdalen i Fjord kommune.
Drona svever over eit plantefelt av gran som er attgrodd med lauvtre i Nørdalen i Fjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kapasitet og presisjon

Drona som vart nytta på skogdagen hadde ein tank på 16 liter. Den andre drona hadde dobbelt så stor kapasitet. Dei kan fly etter nøyaktige posisjonar ved hjelp av GPS. Det er mogleg å programmere drona slik at det berre vert punktsprøyta rundt dei trea ein ønskjer, eller berre i delar av eit plantefelt. Etterfylling av sprøytevæske og batteriskifte går svært raskt. Drona kunne sprøyte eit dekar på fem til ti minutt. Med ryggtåkesprøyte vil ein måtte bruke ein time på same arealet.  

Mange bruksområde

Droner kan nyttast til fleire føremål i landbruket. Det kan vere såing eller gjødsling, gjerne i område ein ikkje kjem fram med traktor, eller ikkje ønskjer køyrespor. Drona kan nyttast til overvaking og kartlegging ved hjelp av laser eller kamera. Biodrone AS samarbeider med NIBIO og Norske Landbrukstenester gjennom ulike forskingsprosjekt der drone kan nyttast i landbruket. Vidare har dei signert ein avtale med Allskog om bruk av dronetenester i skogbruket.

Kontakt: Odd Løset, tlf 71 25 84 08, fmmrodlo@statsforvalteren.no

Kvar går vegen vidare for jordbærproduksjonen i Valldal?

Ein svært vanskeleg sesong for jordbærbøndene i Valldal på Sunnmøre førte til lite jordbær på marknaden. Alt slo feil; klima, nedbør, skadedyr og mangel på arbeidskraft. Kvar går vegen vidare for jordbærproduksjonen i Valldal? Dette var tema på eit møte som Valldal bærdyrkarlag og Indre Storfjord bondelag inviterte til.

Sterk merkevare

I Valldalen har dei dyrka jordbær på friland i meir enn 100 år. Det som ein gong starta i det små, har utvikla seg til ei sterk merkevare for bygda som ligg inst i fjorden mellom turistmagnetane Geiranger og Trollstigen. Folk køyrer langvegs frå heile Sunnmøre, Nordmøre og Nord-Gudbrandsdalen for å sikre seg Valldalbær, og legg samtidig att pengar hos serverings-og reiselivsbedrifter i området.

Utfordrande avlingsår

Dei seinare åra har vore vanskelege. Avlinga har gått frå eit snitt på 1 500 kg/daa til 300-400 kg/daa, som fleire av gardane er nede på i år. I vår såg sesongen lovande ut. Overvintringa gjekk bra og åkrane var kvite av blomster tidleg i sesongen. Dei håpa på eit brukbart år. Slik blei det ikkje. Det var stor usikkerheit kring arbeidskraft grunna Covid-19 og innreisereglar. Grensene vart opna i tolvte time, men varmt og tørt vêr med rekordtidleg og rask modning førte til ein del rotning før arbeidshjelpa kom på plass. I tillegg gjorde stor usikkerheit kring covid-reglande at ein del arbeidarar skaffa seg arbeid andre stader og ikkje kom til Valldal som planlagt. I tillegg førte eit stort innrykk av jordbærsnutebiller til at blomstrane vart øydelagde. Dette er eit skadedyr som alltid har funnest i jordbæråkrane, men som det ikkje lenger finnast effektive middel mot. Norsk landbruksrådgjeving anslår at skade gjort av jordbærsnutebiller har gjeve eit gjennomsnittleg avlingstap på 50% i Valldal i år.

Kristin G. Sandnes i Valldal bærdyrkarlag leia møtet om framtida for Valldalsbæra.
Kristin G. Sandnes i Valldal bærdyrkarlag leia møtet om framtida for Valldalsbæra. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Bærmottaket Valldal Grønt AS er eigd av mange produsentar i tillegg til ein del eksterne. Anlegget er det einaste i Noreg som er godkjent for vask og singelfrysing for levering til industri. Det har vore investert store summar i anlegget for å kunne levere topp kvalitet og tilfredsstille stadig høgare krav frå industrien, grossistar og myndigheitene. Valldal Grønt AS og produsentane er gjensidig avhengig av kvarandre. Utan avling har ikkje Valldal Grønt bær å foredle og selje, og utan Valldal Grønt vil produsentane misse apparatet som tek bæra ut i marknaden.

Vegen vidare

Kva må gjerast framover? Avlingane må opp. Ein produsent driv forsøk med tunnelproduksjon, men dei er usikre på om særpreget til Valldalsbæra vert bevart då. Bæra er kjent for den gode smaken som skil dei klart frå importbær i butikkane, men også frå bær dyrka andre stader i Noreg. Delar av forklaringa på den gode smaken er sortane som vert dyrka i Valldal. Ein stor del av bæra vert levert til industrien, som har andre krav til farge og syre enn konsummarknaden. Ein tenkjer også at jordsmonnet i Valldal, mykje lys både dag og natt, varme dagar og kjølige netter, samt sol og regn er med på å prege smaken på same måte som den gjer det for vindruer i ulike vindistrikt.

I Valldal har dei tradisjonelt dyrka bær på åkrane i dalen i lange omløp. Vekstskifte er ei utfordring, sidan det ikkje er mykje areal å bytte på med. Kan ein ha kortare omløp, strekke ut sesongen med fleire bærsortar,  andre artar, nye dyrkingsmetodar eller nytta marknaden betre? Kan ein kombinere jordbærdyrking og gardsdrift med familieliv, ungar og ferie? Jordbærprodusentane i Valldal står ved eit vegskilje, der dei skal finne vegen vidare. Håpet er at vi også for framtida kan reise til den vakre Sunnmørsbygda og ete herlege, smaksrike jordbær.

Kontakt: Marianne Aas Halse, tlf 71 25 84 22, fmmrmaha@statsforvalteren.no

Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen får kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.

Del av Norddal sentrum. Til venstre ligg Petrines gjestgiveri. Huset vart opphavleg bygd som ein aldersheim i 1916, og bygd om til gjestgiveri i 1992.
Del av Norddal sentrum. Til venstre ligg Petrines gjestgiveri. Huset vart opphavleg bygd som ein aldersheim i 1916, og bygd om til gjestgiveri i 1992. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Eit unikt samarbeid

Kulturlandsskapsprisen i Møre og Romsdal blir gitt til den samla bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen. Her finst mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet. 

– Fleire gardsbruk og næringsverksemder med allsidig aktivitet og landbruksdrift, skjøttar kulturlandskapet og skapar produkt med råvarer frå bygda og området rundt, seier assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied. Ho har site som leiar av juryen for prisen i år.

Samarbeidet med reiselivet er godt utvikla, og mange av verksemdene er med i nettverket «The happy end», der dei tilbyr eigenprodusert mat, husflidsprodukt, overnatting og aktivitetar med basis i lokal kultur og natur.

– Kulturlandskapet i Norddal (Dalsbygda) og Herdalen er eit resultat av at kvar og ein i lokalsamfunnet gjer sitt for å halde det i hevd, seier fylkesordførar og jurymedlem Tove-Lise Torve.

Med sine om lag 35 små og store hus – samla i ei tett klynge, er Herdalssetra ein svært særmerkt seterstøl.
Med sine om lag 35 små og store hus – samla i ei tett klynge, er Herdalssetra ein svært særmerkt seterstøl. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Godt bevart gjennom aktiv bruk

Busetnaden nede i bygda, på fjellgardane og på setrane er godt teke vare på. Naustrekkja og kyrkja frå 1782 skapar ei vakker ramme om Norddal, og gjennom heile dalføret er det registrert ei rekkje bygningar med stor kulturhistorisk verdi.

Gardsdrifta i dalen er allsidig. Både ku, geit, sau og hest går på beite i bygda og i utmarka. Herdalen ein av dei mest særprega seterdalane i fylket, og på Herdalssetra er det framleis aktiv seterdrift og utnytting av utmarka på tradisjonelt vis.

– Den tradisjonelle og kontinuerlege skjøtselen gjer at området har ein stor artsrikdom, seier Brendskag Lied.

Ho legg til at Norddal (Dalsbygda) og Herdalen også er eit viktig reiselivs- og friluftslivmål, som innfallsport til fjellområda rundt.

Juryen meiner prisvinnaren innfrir alle dei kriteria som ligg til grunn for utdeling av kulturlandskapsprisen.

– Mangfaldet av verdiar og opplevingar som finst i området grunna aktiv bruk og skjøtsel av kulturlandskapet frå fjord til fjell, gjer Norddal og Herdalen til ein svært verdig vinnar av Kulturlandskapsprisen 2021, seier Brendskag Lied.

Juryen for Kulturlandskapsprisen 2021 har bestått av assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied (leiar), fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy.

På Herdalssetra går 380 mjølkegeiter og beitar.
På Herdalssetra går 380 mjølkegeiter og beitar. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Utdeling av prisen

Prisen skal delast ut i Norddal 8. oktober. Prisvinnaren vert representert av personar frå  grunneigarlaga, gardane og næringsverksemdene i bygda. Ny statsforvaltar i Møre og Romsdal, Else-May Norderhus, vil dele ut prisen i lag med fylkesordførar Tove-Lise Torve.

– Det er planlagt å servere lokal, kortreist mat på Petrines Gjestgiveri, som ligg idyllisk til ved fjorden i Norddal. Det er også planlagt ei omvising og vandring i området. Vi håpar at alle vil få ein fin dag i dette flotte kulturlandskapet, seier Berit Brendskag Lied.

Hest som går fritt og beitar i Herdalen.
Hest som går fritt og beitar i Herdalen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Om kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å setje fokus på den viktige rolla landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet. Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan tildelast aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna bli vurdert etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til eit positiv fokus på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Norge.

 I bygda er det mange  verksemder som tilbyr eigenprodusert mat, husflidsprodukt eller overnatting.
I bygda er det mange verksemder som tilbyr eigenprodusert mat, husflidsprodukt eller overnatting. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kontakt: Ragnhild Naug Aas, tlf 71 25 85 19, fmmrraaa@statsforvalteren.no

Busetnaden  i bygda er godt teke vare på. Kyrka er frå 1782.
Busetnaden i bygda er godt teke vare på. Kyrka er frå 1782. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal