Historisk arkiv

Melding til Stortinget om jordbrukspolitikken:

Auka produksjon, betra effektivitet og styrka konkurransekraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida: Ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Dette er ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet. Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og har eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta.

Dette er hovudbodskapen i Melding til Stortinget nr. 11 Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, som Regjeringa legg fram i dag. 

- Den norske bonden gjer ein imponerande jobb, kvar dag, og norsk jordbruk har i løpet av åra vist evne til å møte utfordringar. Den innsatsen må halde fram om vi skal ta vare på dei viktige verdiane som ligg i det norske jordbruket. Vi har all grunn til å lukkast berre vi gjer dei rette vala, steg for steg. Det er det Regjeringa legg opp til i denne stortingsmeldinga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og vil leggje til rette for at næringa kan utvikle seg. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen vil vere sentralt i denne omstillinga. Berekraftig og auka produksjon på norske ressursar dannar grunnlaget for å utvikle norsk jordbruksproduksjon i samsvar med marknaden og forbrukarane sine ønske.

Regjeringa har allereie gjennomført ei lang rekkje forenklingar i jordbrukspolitikken, som endringar i verkemiddelstrukturen, heving av produksjonstaket for mjølkeproduksjonen og dobling av konsesjonsgrensene for kylling og kalkun. Det er eit mål å stimulere til auka volum og inntening, og redusere offentlege reguleringar som avgrensar den einskilde bonden. Det skal leggjast til rette for omstilling, effektivisering og utnytting av ressursane, uansett om bruka er store eller små. 

- For å auke og effektivisere norsk matproduksjon må jordbruket få høve til å omstille seg. Samstundes må vi vidareføre den gode kvaliteten og konkurransefortrinna norsk jordbruk har, som trygg mat, dyrevelferd og utmarksressursar. Dette er heilt avgjerande for å møte etterspurnaden frå marknad og forbrukarar og deira  interesser knytt til pris, kvalitet og mangfald, seier Jon Georg Dale. 

Jordbruksavtalen og inntektsmålet

- Avtalesystemet er viktig for norsk jordbruksproduksjon og Regjeringa foreslår derfor å vidareføre dette. Regjeringa vidarefører også dagens inntektsmål for jordbruket, seier Jon Georg Dale. 

Auka produksjon og geografisk fordeling

Norsk jordbruk produserer i stor grad varer for heimemarknaden. I veksande konkurranse med utanlandske produkt er difor marknadsretting og auka produktivitet avgjerande. Styrka konkurransekraft er ein føresetnad for å kunne utnytte dei ytterlegare produksjonsmoglegheitene Regjeringa varslar i meldinga. Regjeringa varslar også at ho vidarefører innsatsen for å sikre produksjonsgrunnlaget over heile landet gjennom tydelege prioriteringar som styrker den geografiske produksjonsfordelinga. Dette er ei vidareføring av prioriteringane i siste jordbruksoppgjer der arealtilskot til korn vart auka, og tilskot til grasproduksjon i kornområda vart redu­sert. 

Framtidstru og rekruttering

Ein offensiv næringspolitikk er viktig for rekruttering til næringa. Utviklinga i norsk jordbruk dei siste åra viser at det går stadig betre for den norske bonden. Produksjons- og investeringsviljen er stor, reduksjonen i areal er mindre enn tidlegare, og inntektsutviklinga dei siste åra har vore særs god. 

- Regjeringa vil med  denne meldinga skape optimisme og framtidstru, og leggje til rette for rekruttering av dyktige næringsutøvarar. Norske gardsbruk er generasjonsbedrifter tufta på historiske og praktiske kunnskapar om gard og grunn. Saman med teoretiske kunnskapar og utdanning, må dette vere grunnlaget for å utvikle næringa vidare. Regjeringa ser ikkje behov for å innføre eit nasjonalt kompetansekrav pålagt av styresmaktene, slik deler av næringa har teke til orde for, seier Dale. 

Høg tillit til trygg norsk mat

- Norsk mat er trygg og held høg kvalitet. Det er viktig for tillit hjå forbrukarane. Dette har samanheng med god dyre- og plantehelse, og rutinar for handtering av produkta gjennom heile verdikjeda. Forbrukarane er glade i norsk mat, og vél det i dei fleste tilfella, til trass for høgare pris. Dette er eit konkurransefortrinn som regjeringa er oppteken av å vidareføre, seier Jon Georg Dale. 

Jordbruksproduksjon med redusert klimagassutslepp

Jordbruket har viktige oppgåver i møte med miljø- og klimautfordringar, og dette legg føringar for jordbrukspolitikken. Det handlar både om produksjon av miljøgode, naudsynt klimatilpassing for å sikre norsk matproduksjon i framtida, og å redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket. Regjeringa har bestemt at Noreg innan 2030 skal redusere sine utslepp av klimagassar med minst 40 pst., samanlikna med 1990. Utslepp frå jordbruket vert omfatta av Noregs klimamål, og jordbruket må så langt som mogleg ta sin del av reduksjonane. 

- Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar, men det er viktig å redusere det samla klimagassutsleppet frå jordbruket, seier Dale. - Regjeringa vil leggje større vekt på klimaomsyn i komande jordbruksoppgjer, og i dialog med næringa utvikle ein konkret plan for reduksjon av klimagassutslepp. Samstundes må dei tiltaka som er sett i verk vidareførast og utviklast, seier landbruks- og matministeren. 

Vegen vidare

Meldinga Regjeringa no har lagt fram er i samsvar med det Stortinget har bede om, og Regjeringa fremjar ei rekke forslag, mellom anna: 

  • Forenkling
    Forenkling av ordningane i jordbrukspolitikken er viktig for å bidra til ei meir effektiv og lønsam næring og sikre legitimiteten til ordningane. Regjeringa vil at avtalepartane i jordbruksoppgjeret skal vurdere forenklingar i kvart jordbruksoppgjer. Vidare vert ulike forenklingar i velferdsordningane omtala.  Regjeringa legg opp til at det i samband med jordbruksoppgjera skal foreslåast forenkla modellar for beitetilskot, der utmarksbeite vert prioritert sterkare enn i dag. 
  • Produksjonsregionar mjølk
    Regjeringa vil redusere talet på produksjonsregionar for kumjølk frå 19 i dag - til 10, med ei innretting som framleis sikrar god geografisk fordeling og utviklingsmoglegheiter for produsentane. 10 produksjonsregionar vil medverke til geografisk fordeling på landsbasis, gje  kostnadseffektiv matproduksjon og likare utviklingsmoglegheiter for produsentar i alle regionar. 
  • Endringar i marknadsordningane
    Marknadsordningar vert i hovudsak vidareført, men behovet for forenkling og styrka konkurransekraft i næringsmiddelindustrien gjer at Regjeringa foreslår fleire endringar.

    Regjeringa vil oppretthalde marknadsbalansering for kumjølk med TINE som marknadsregulator, men samstundes be Omsetningsrådet vurdere endringar i regelverket som gjer systemet enklare og reduserer risikoen for konkurransevriding. Samstundes varslar regjeringa andre konkurransefremjande tiltak for å styrke konkurransen i mjølkemarknaden. For å bringe produksjonen av geitemjølk i balanse med forbruket, er det foreslått å avvikle marknadsbalanseringa og gjennomføre ei geografisk- og tidsavgrensa oppkjøpsordning av geitemjølkkvoter.

    I kjøtsektoren vil regjeringa i hovudsak vidareføre marknadsbalanseringa, men med fleire endringar. Nortura skal framleis vere marknadsregulator og ein foreslår å innføre mottaksplikt for Nortura frå uavhengige aktørar. Det vil gje frittståande aktørar betre konkurransevilkår ved overproduksjon i ulike marknader. Vidare vert det foreslått å avvikle målprisen og innføre volummodellen for marknadsbalansering av svinekjøt. Dette vil medføre lik ordning for svinekjøt som for dei andre kjøtslaga. Regjeringa vil også be Omsetningsrådet vurdere endringar i regelverket som gjer systemet enklare og reduserer risikoen for konkurransevriding.

    På korn og egg vert det foreslått å avvikle samvirkebasert marknadsbalansering. Finansieringa av sentrale verkemiddel gjennom omsetjingsavgifta skal vidareførast, og  Regjeringa vil gje Landbruksdirektoratet ansvaret for å administrere naudsynte tiltak. Verkemidla skal medverke til avsetnad av norsk produksjon.  For eple og matpotet foreslår regjeringa å avvikle marknadsbalanseringa, og slik likebehandle med annan produksjon i frukt- og grøntsektoren.

    Regjeringa foreslår også å gjere endringar i finansieringa av opplysningskontora. Opplysningskontoret for frukt og grønt skal framleis finansierast over jordbruksavtalen, medan ein ikkje lenger vil pålegge norske bønder å  finansiere opplysningskontoret for mjølk og opplysningskontoret for kjøt og egg over omsetningsavgifter. Dette frigjer opp mot 100 mill. kroner til norske bønder. Opplysningverksemda kan om ønskjeleg vidareførast av næringsmiddelindustrien i eigen regi.  
  • Økologisk produksjon
    Det er ønskjeleg at det er ein balanse mellom utviklinga i produksjon og forbruk av økologisk mat, og Regjeringa vil at etterspurnaden frå forbrukarane skal styre den økologiske produksjonen. Regjeringa meiner difor at ein bør fjerne det politisk vedtekne prosentmålet. Regjeringa vil utarbeide ein strategi for økologisk jordbruk i samarbeid med relevante aktørar, og sikre moglegheiter til økologisk drift i tråd med etterspørselen.