Jordbruksoppgjeret 2016:
Ein jordbruksavtale som gir grunnlag for auka matproduksjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 3 | Dato: 15.05.2016
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) er nøgd med at Norges Bondelag i år inngår jordbruksavtale med staten.
– Norges Bondelag tek ansvar i ei krevjande tid for norsk økonomi når dei inngår denne jordbruksavtalen med staten, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
– Avtalen gir jordbruket grunnlag for ein inntektsauke på 3,1 prosent i 2017. Den vil leggje til rette for auka norsk matproduksjon, landbruk i heile landet med både mindre og større gardsbruk – slik Stortinget har vedtatt, og slik forbrukarane etterspør, seier Dale.

Jordbrukets krav ble lagt fram 25. april, og staten kom med sitt tilbod i jordbruksoppgjeret den 4. mai. Sundag 15. mai inngjekk staten og Norges Bondelag avtale.
Avtalen har ei ramme på 350 millionar kroner. Målprisane blir auka med 190 millionar kroner, medan budsjettstøtta blir auka med 100 millionar kroner.
Se video fra pressekonferansen:
Meir til investering og rekruttering
Det er sett av 575 millionar kroner til investeringsstøtte i jordbruket.
– Det er stor optimisme og investeringslyst i norsk jordbruk. Det er derfor viktig, ikkje minst for rekrutteringa til næringa, at det er mogleg for den einskilde bonde å modernisere og vidareutvikle garden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Avtalen fører vidare linene frå dei to siste jordbruksavtalane som har gitt gode vilkår for dei som vil satse vidare framover for å vere med å auke norsk matproduksjon.
– Med bakgrunn i avtalen om jordbruksoppgjeret i Stortinget i 2014, og avtalen mellom Staten og Norges Bondelag i 2015, har mange gjort tunge investeringar på sine eigne bruk. Det har vore avgjerande å sikre at dei som no har investert og sett seg i gjeld, ikkje opplever å få sine vilkår forringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Meir produksjon på norske gras-ressursar
Gjennom endringar som er gjort i tilkotssystemet har det sidan 2014 blitt ein ny giv i sauehaldet. Eit stort underskot av norskprodusert lammekjøt er snudd til at Noreg no er sjølvforsynt.
– No gjer vi det same på storfekjøt. Samstundes premierer vi kjøt av god kvalitet. Det vil stimulere både til auke i produksjonen, og ikkje minst gi større mangfald og betre kvalitet for forbrukarane, meiner Dale.
Noreg er eit grasland med gode tilhøve for å ha sau og storfe som kan hente mykje av fôret sjølv på beite. Avtalen styrker tilskotet til beiting i utmark både for sau og storfe for å utnytte norske grasressursar betre. Det betyr en styrking av distriktslandbruket.
Det blir og gjort tilpassingar i tilskotssystemet som i enda sterkare grad stimulerer til å dyrke korn og planteprodukt i dei gode kornområda og gras og husdyrproduksjon i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for dèt.
– Dette styrker konkurransekrafta til distriktsjordbruket, og gir grunnlag for å auke produksjonen av mat på norske ressursar, seier Dale.
– Avtalen flyttar ikkje ei einaste krone frå små til store bruk, poengterer Dale.
Lausdriftskravet blir utsett
Stortinget har tidlegare vedtatt eit krav om at alle mjølkekyr innan 2024 skal vere i fjøs der dei kan gå fritt og ikkje vere bundne opp på bås. Sidan ein stor del av mjølkeproduksjonen framleis skjer i båsfjøs, er det svært utfordrande å få gjort denne omlegginga innan 2024. Utsetjing av lausdriftskravet til 2034 er ein viktig premiss for avtala.
– Omlegging til lausdrift er spesielt krevjande for dei små og mellomstore gardsbruka. Når kravet no blir utsett i 10 år, legg vi eit godt grunnlag for at vi kan ha både mindre og større gardar over heile landet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Jordbruksavtalen går no i ein proposisjon til Stortinget, og vil bli behandla der før sommaren.