Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2018:

Tiltak mot skrantesjuke/CWD

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynets arbeid med skantesjuke/CWD med 15 millionar kroner.

− Det er nå gjort eit omfattande arbeid med å kartlegge utbreiinga av skrantesjuke/CWD, og all villreinen i Nordfjella er felt. Dersom vi skal lukkast med ei trygg reetablering av frisk rein i dette området, må vi forsikre oss om at vi har friske dyr å rekruttere frå, og at vi har best mogleg kontroll på kvar smittestoffet er, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Den ekstra løyvinga skal gå til arbeidet med smittesikring i Nordfjella sone 1 etter at all villreinen i området er felt. Det blir også løyvd pengar til overvaking og betre kunnskap om mogleg forekomst av sjukdommen i resten av landet.

All villreinen i Nordfjella er felt

Etter at det vart påvist skrantesjuke (CWD) i villreinflokken i Nordfjella sone 1, vart det gjort vedtak om at heile villreinflokken skulle fellast innan 1. mai 2018. Dette er nå gjort. Det er i alt felt i overkant av 2100 dyr, av desse vart meir enn 1400 dyr felt i statleg regi sist vinter. Det vart påvist 19 tilfelle av skrantesjuke. Området skal nå haldast fritt for villrein i minimum fem år. Deretter er det planen å reetablere ein frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.

Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD)

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom som liknar skrapesjuke hjå sau eller kugalskap, der feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og fører til store lidingar og død for dei dyra som blir ramma. Då CWD vart oppdaga i Noreg av Veterinærinstituttet i fjor var det første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr). Målet med å ta ut flokken i Nordfjella er å avgrense og om mogleg utrydde sjukdommen. Dersom ein kan hindre at sjukdommen spreier seg, vil  mange dyr kunne bli spart for dei lidingane den fører med seg.