Historisk arkiv

Kronikk: Nye muligheiter i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eg er glad for at Norges Bondelag viste ansvar og inngjekk jordbruksavtale med staten i mai i år. Avtalen gjer viktige grep for å møte nokre av dei største utfordringane i norsk landbruks-politikk. Jordbruksavtalen 2016-2017 legg til rette for å auke matproduksjonen gjennom meir bruk av utmarksressursane og å redusere omlegginga til gras i kornområda. Vi vil produsere mest mulig av maten vår sjølv i Noreg, og fleire prioriteringar i årets jordbruksavtale bidreg til det. Eg er oppteken av at private næringsdrivande skal få ta ansvar for drifta si sjølve. Avtalen tek omsyn til dei små og mellomstore, gjennom bruken av budsjettstøtte.

Noreg er inne i ei krevjande omstilling. Fall i oljepris og veksande arbeidsløyse i deler av landet set oss på prøve. Næringslivet treng å styrke konkurransekrafta for å auke aktiviteten og redusere trongen til subsidiering. Partane i lønnsoppgjera har vist moderasjon og eg er glad for at Norges Bondelag viste ansvar og inngjekk ein jordbruksavtale i år. Avtalen gjer viktige grep for å møte nokre av dei største utfordringane i norsk landbruks­politikk.

Auke produksjonen

Eit av dei prioriterte måla er å auke produksjonen. Det legg avtalen til rette for. Den stimulerer til at det blir gjort ved å auke bruken av utmarksressursane og å redusere omlegginga til gras i kornområda. Det er betre å sende dyra ut på beite og sanke graset, enn det er å sanke det sjølv. I sauehaldet er bruk av utmark ein sjølvsagt del av driftsforma. For storfe er ein langt mindre del av dyra på utmarksbeite. Avtalen aukar stimulansen til at norske kyr skal nytte utmarksbeita. Samla gir dette oss eit vakkert kulturlandskap.

Prioriterer sektorar med underdekning av norsk produksjon

Men vi må alltid hugse at det kan ikkje produserast meir enn det marknaden vil ha. På fleire område er inntektsmogelegheitene no så gode at det er overproduksjon. Difor prioriterer avtalen sektorar med underdekning av norsk produksjon. Det gjeld storfe, korn og frukt og grønt. Med unntak for storfekjøtt er det nesten berre i korn og grøntsektoren at vi kan auke vår eigen produksjon utan at det resulterer i meir produksjon enn forbruk. Vi vil produsere mest mulig av maten vår sjølv, og fleire prioriteringar i årets jordbruksavtale bidreg til det.

Produserer mat over heile landet

Ei av dei prioriteringane er å styrke grunnlaget for at vi produserer mat over heile landet, basert på naturgitte forhold. Det vert meir lønnsamt å produsere korn og avtalen reduserer stimulansen til å gå over til grasproduksjon i dei typiske kornområda. Mange har vore uroa for sentrali­sering av produksjonen og auka grasproduksjon på austlandet, mellom anna fordi det vil redusere kornproduksjonen. Og då er det for meg eit sjølvsagt svar å slutte å subsidiere slik overgang. Eg føreslo å kutte denne subsidieringa heilt, og måtte akseptere at Bondelaget forhandla inn att noko av støtta.

Kvalitet og mangfald

Den fjerde prioriteringa er kvalitet. Kvalitet og mangfald er avgjerande for suksess i eit høg­kost­land. Å differensiere kvalitetstilskotet til storfekjøt ved ein høgare kvalitetsklasse enn i dag, stimulerer til auka kvalitet på maten. Men det stimulerer òg til auka produksjon av storfekjøt, fordi det legg godt til rette for ammekyr. Det er særleg her vi kan auke dyretalet, som er heilt naudsynt for å auke produksjonen i Noreg og ta marknadsdelar frå import.

Tar investeringsutfordringa på alvor

Avtalen tar investeringsutfordringa på alvor. Utsetjinga av lausdriftskravet til 2034 for alle mjølkebruk, løyser ikkje utfordringa. Men, med dei auka mogelegheitene for å få invester­ings­tilskot, som ligg i avtalen, har vi saman med utsetjinga av lausdriftskravet lagt eit mykje betre grunnlag for god utvikling i mjølke­produksjonen. Ikkje minst gjeld det for små og mellomstore bruk som no får betre mogeleg­heit til å nytte investert kapital, og planlegge framtidige investeringar.

Private næringsdrivande

Eg er oppteken av at private næringsdrivande skal få ta ansvar for drifta si sjølve. Avtalen tek omsyn til dei små og mellomstore, gjennom bruken av budsjettstøtte. Men viktige grep frå avtalen regjeringa inngjekk med samarbeidspartia i 2014 ligg fast. Vi hjelper ikkje dei små og mellomstore bruka ved å stikke kjeppar i hjula til dei store og dei som har mogelegheit til å vekse. Men politikken kan berre gje næringsutøvarane ei mogelegheit til å nytte ressursane til å generere inntekt. Det gjer den avtalen vi har inngått. Atten og tre kvart prosent per årsverk sidan regjeringsskiftet i 2013 er langt over det andre grupper kan håpe på. Det viser at vi satsar på landbruket, men bøndene må realisere inntektspotensialet sitt sjølve.

Mange positive trekk

Inntektsutviklinga er eit av mange positive trekk i utviklinga i jordbruket. Produksjons- og investeringsvilja er stor. Me er meir enn sjølvforsynte i mange sektorar. Mangfaldet aukar. Reduksjonen i areal er lågare. Kornarealet er stabilisert. Fôrimporten er redusert. Bruken av antibiotika er svært låg. Reduksjonen i talet på bruk er mindre, og reduksjonen i tal på årsverk er mindre. Talet på konkursar er rekordlågt.

Meir opptekne av resultat enn av kor mykje pengar vi brukar

Delar av opposisjonen skryt av at dei siste tre åra under førre regjering blei subsidiane over budsjettet auka sju og ein halv gongar meir enn under denne regjeringa. Som om auka subsi­diering var eit mål i seg sjølv. Vi må bruke skatte­betalarane sine pengar effektivt. Det er veldig mykje betre at betre måloppnåing kjem frå auka, og meir effektiv produksjon, fornuftig kostnadsutvikling og større produksjon, enn frå auka subsidiering. Det styrkar konkurranse­krafta til næringa. Og det er det viktigaste grunnlaget for god lønsemd, rekruttering og god måloppnåing framover.

Landbruket får nye muligheiter, fordi vi er meir opptekne av resultat enn av kor mykje pengar vi brukar.