Historisk arkiv

Bilateral avtale mellom Norge og Færøyane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker helsar ny bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane velkomen.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker helsar ny bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane velkomen.

- Eg er glad for at Noreg og Færøyane har teke opp att det tradisjonelle fiskerisamarbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Noreg og Færøyane vart i dag einige om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Dette er den første bilaterale avtalen sidan 2010. Det vart ikkje semje om nokon bilateral avtale i åra 2011-2013 på grunn av makrellkonflikten.

Norske fiskarar får ein kvote på 1250 tonn lange/blålange, 1025 brosme og 737 tonn andre artar. I tillegg kan norske fartøy fiske opp til 80.000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2014 i færøyske farvatn.

Færøyane får ein kvote på 2000 tonn torsk, 400 tonn hyse, 300 tonn sei og 100 tonn andre artar i norsk økonomisk sone.  I tillegg kan Færøyane i norske farvatn fiske opp til 10.000 tonn torsk og ein del hyse og andre artar, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland.