Historisk arkiv

Næringsministeren overtek ansvaret for forsyning av drivstoff i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Frå 1. januar 2017 har Nærings- og fiskeridepartementet ansvar for forsyning av drivstoff.

Tidlegare er det Olje- og energidepartementet (OED) som har hatt beredskapsansvar for drivstofforsyninga. Nærings- og fiskeridepartementet overtek ansvaret frå 1. januar 2017.

Den statlege organiseringa, involveringa og oppfølginga av drivstofforsyning har endra seg mykje dei siste tiåra. Det samme gjeld dei næringane som produserer, distribuerer og sel drivstoff. Det er behov for å tilpasse drivstoffberedskapen til dagens situasjon.

Ansvaret for råoljeproduksjon skal framleis ligge i OED. Næringsministeren vil dermed få ansvaret for verdikjeda frå og med raffinerinæringa til og med bensinstasjonane.

- Saman med næringslivet og dei berørde departementa vil eg vidareutvikle moderne og fleksible tiltak som sikrar ein god beredskap for drivstoff, seier næringsministar Monica Mæland

Nærings- og fiskeridepartementet har allereie avtalt at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal gjennomføre ei risiko- og sårbarheitsanalyse av drivstofforsyninga i Noreg. Analysa skal sørge for at departementet får ei god og oppdatert oversikt over eventuelle svakheiter og utfordringar i drivstofforsyninga i dag.

Nærings- og fiskeridepartementet vil raskt etablere eit råd for drivstofforsyning. Rådet skal bestå av sentrale aktørar frå næringa. Departementet vil også kontakte Forum for drivstofforsyning for ein samtale.