Historisk arkiv

Høgre kvotetak for torsketrål og ringnot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa har i dag bestemt å heve kvotetaka for fartøygruppene torsketrål og ringnot.

- Det vil medverke til effektivisering og sikre lønnsemd over tid for desse fartøygruppene. Teknologiske framsteg, endringar i dei årlege kvotane og kostnads- og prisutviklinga gjer dette naturleg og nødvendig, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Kvotetaket for ringnot aukar frå 650 til 850 basistonn, og kvotetaket for torsketrål går opp frå tre til fire kvotefaktorar. Basistonn og kvotefaktor er grunnlaget for å berekne den del av den samla kvoten til gruppa som vert tildelt det enkelte fartøy. Dette inneber ein auke i kvotetaket på vel 30 prosent i begge gruppene. For ringnot har kvotetaket vore uendra sidan 1996.

-Det er frivilleg om ein vil bruke ordningane. Ingen blir pressa ut av næringa sjølv om kvotetaka aukar, og det er reiarlaga som er nærast til å vurdere lønnsemd og finansiering i verksemda. Endringane får heller ikkje noko å seie for dei andre fartøygruppene i norsk fiskeri, seier Aspaker.