Historisk arkiv

Dobler makrellstørje-kvoten i 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Reguleringa av fisket etter makrellstørje i 2018 er nå klar. Den norske totalkvoten er på 104 tonn, ei dobling av kvoten frå 2017. Av dette er det satt av 14 tonn til bifangst.

Fiskeriminister Per Sandberg på auksjon på verdens største fiskemarked i Tokyo. Foto: NFD

To ringnotfartøy kan få tillatelse til å fiske, med ein kvote på 45 tonn på kvar. Fiskeridirektoratet vel ut fartøy ved loddtrekking. Det blir ikkje opna for sports- og fritidsfiske. Reguleringa er i all hovudsak ei vidareføring frå 2017.

Påmelding til fisket skjer på Fiskeridirektoratet sine nettsider.