Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Betre overvaking av kysten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa ber Havforskningsinstituttet bruke 75 millionar kroner på utstyr som seildronar og undervatnsrobotar. Målet er betre overvaking av kysten.

–Teknologien for overvakingsutstyr har utvikla seg særs raskt dei siste åra, og norske bedrifter er med og leier an. Eg håper dette kan vere starten på ein overgang til betre og meir effektiv overvaking av dei marine ressursane, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

I 2017 løyvde Stortinget 75 millionar kroner til eit nytt kystgåande forskingsfartøy. Det viste seg at dette ikkje strakk til for å få på plass eit godt nok skip.

Regjeringa ønskjer å bruke pengane til same formål som løyvinga hadde i 2017: Innsamling av data og kystovervaking.

Regjeringa vil derfor be Havforskningsinstituttet om å omdisponere pengane til å kjøpe inn nytt utstyr som kan bidra til forsking og overvaking langs kysten.

– Det er eit teknologiskifte på gang når det gjeld innsamling av marine data. For eksempel kan overvaking av snøkrabbe utførast digitalt, i staden for å tråle opp krabbene. Dette er både meir effektivt og skånsamt, seier Ingebrigtsen.