Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa foreslår endringar i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa vidarefører tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk i 2021 og vil løyve til saman 1,9 milliardar kroner til ordninga, men innfører eit makstak i ordninga og avviklar tilskotsmodellen for lasteskip i NIS i utanriksfart.

- Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk skal bidra til rekruttering av norske sjøfolk og konkurransedyktige vilkår for norske reiarlag med skip under norske flagg. Vi skal ha ei god ordning som bidrar til å sikre den maritime kompetansen vår, men den kan ikkje vere utan avgrensingar. Derfor foreslår vi å gjeninnføre eit makstak for tilskot, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa foreslår å innføre eit makstak på 200 000 kroner per sysselsett som eit tiltak for å avgrense ytterlegare vekst i dei samla utgiftene til tilskotsordninga. Makstaket innførast for seks av modellane i ordninga; petroleumsskip i NOR, konstruksjonsskip i NIS, skip i NOR, passasjerskip i NOR i utanriksfart, skip i NOR som betener strekninga Bergen-Kirkenes og seglskip i NOR.

Tilskotsmodellane for petroleumskip i NOR og konstruksjonsskip NIS har i 2020 hatt eit makstak på 216 000 kroner. Dette endrast no til eit makstak på 200 000 kroner.

Tilskotsmodellen for skip i NIS har hatt eit makstak på 26 % av tilskotsgrunnlaget. Regjeringa foreslår å vidareføre dette makstaket.

Regjeringa foreslår óg å avvikle modellen for lasteskip i NIS i utanriksfart. Ordninga blei oppretta i 2017 og har hatt ein lågare effekt på sysselsetjing enn det som først blei antatt. Reiarlag som tidlegare har motteke stønad gjennom denne ordninga vil kunne få stønad gjennom den generelle tilskotsmodellen for skip i NIS.

Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er regelstyrt og rettigheitsbasert. Utbetalingar av tilskot er i stor grad knytt tiltalet sjøfolk som kjem inn under tilskotsordninga og lønnsnivået deira. Regjeringa antar at om lag 6500 sjøfolk vil bli påverka av endringane i tilskotsordninga.

Endringane i ordninga trer i kraft 1. januar 2021 og vil gjelde frå første termin 2021.