Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil bruke milliardar på næringsretta forsking og innovasjon for å få fleire nye, grøne arbeidsplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å prioritere meir enn 9 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon.

- Næringsretta forsking og innovasjon er ein motor for berekraftig vekst, som gjer at vi kan skape meir og inkludere fleire. Desse pengane rettar seg mot dei langsiktige utfordringane vi står overfor, og vil leggje til rette for at næringslivet kan skape grøne jobbar i heile Noreg, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa foreslår mellom anna å løyve 333 millionar kroner til verkemiddelpakka «Grøn plattform» som skal fremje omstilling.

- Vi kan ikkje berre setje fart i norsk økonomi utan at vi stimulerer til ein grøn vekst, som får ned utsleppa og sikrar nye grøne arbeidsplassar. Vi må førebu oss på arbeidslivet og samfunnslivet i framtida, seier næringsminister Nybø.

Budsjettforslaget inneber ei styrking av løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon på meir enn 4 milliardar kroner sidan regjeringa tok over i 2013.

Regjeringa prioriterer EU-program høgt

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet deltaking i fleire EU-program som vil vere viktige for norsk næringsliv. Mellom anna går regjeringa inn for å vere med  i Horisont Europa, verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Det Indre marknadsprogrammet vil og bli viktig for Noreg, mellom anna for å få betre tilgang til den europeiske marknaden. Regjeringa vil og vurdere deltaking i InvestEU, men tek den endelege avgjerda når kostnader og deltakarvilkår er avklart.

Regjeringa vil og at Noreg skal vere med vidare i EU sitt romprogram, med atterhald om at endelig avgjerd om norsk deltaking gjerast etter at EU sitt langtidsbudsjett er vedteke. Totalt utgjer satsinga for perioden 2021-2027 om lag 4 milliardar kroner, inkludert årlege midlar til nasjonal oppfølging og tekniske støtteaktivitetar. Satellittdata frå EU sitt romprogram blir brukt breitt i norsk forvalting, næringsliv og samfunnsliv for å løyse grunnleggjande samfunnsoppgåver som navigasjon, sjøredning, miljøovervaking, skred- og isvarslingar og å ta hand om suverenitet i norske havområde.

Vil utvikle Andøya Space Port vidare

Regjeringa prioriterer vidare utviklinga av Andøya Space Port, ein oppskytingsbase for småsatellittar på Andøya. Satsinga på Andøya Space kan bidra til å sikre fleire lønsame og framtidsretta arbeidsplassar på Andøya.

- Noreg har særskilt stor nytte av satellittbaserte tenester, blant anna som følgje av spreidd befolkning, store havområde og store naturressursar, seier næringsminister Nybø.

Stortinget ga i juni 2020 eit tilsegn med vilkår om inntil 282,6 millionar kroner i eigenkapital og 83 millionar kroner i tilskot til etablering av oppskytingsbasen. Føresetnaden for utbetaling er at prosjektet kan gjerast som ei forretningsmessig lønsam investering, innafor statsstøttereglane i EØS-avtalen, og på ein måte som tek omsyn til interessene til andre næringar. I september vart det utbetalt 25,65 millionar kroner av eigenkapitalen, som skal finansiere ein innleiande prosjektfase. Etter den innleiande prosjektfasen vil Nærings- og fiskeridepartementet vurdere om det er grunnlag for å utbetale ytterlegare kapital og tilskot.

Løyver pengar til Innovasjon Noreg og dei teknisk-industrielle institutta

Regjeringa foreslår og 20 millionar kroner til ei styrking av Innovasjon Noreg sitt delprogram for modne klynger, og ei styrking av grunnløyvinga til dei teknisk-industrielle institutta med 50 millionar kroner.

- Nyskaping og omstilling i næringslivet må vere kunnskapsbasert, og vi vil styrkje evna til langsiktig kunnskapsoppbygging. Forsking og utvikling vil gje oss fleire bein å stå på, seier næringsminister Nybø.