Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil dekkje driftsunderskottet i Gruve 7 på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner i tilskott til Store Norske for å dekkje driftsunderskottet i Gruve 7.

- Den økonomiske situasjonen for Gruve 7 er krevjande som følgje av koronapandemien og vassinntrenging i gruva i sommar. Ved å løyve pengar til Gruve 7 bidrar regjeringa til at energiverket i Longyearbyen framleis vil ha tilgang på stabil kolforsyning, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Framover ventast det årlege underskott frå drifta av Gruve 7, og selskapet har anslått eit betydeleg kapitalbehov dei kommande åra. Storleiken på dei årlege driftsunderskotta vil i stor grad avhenge av utviklinga i kolprisar, samt i nokon grad av kor lenge gruva må vere i drift for å forsyne kraftverket i Longyearbyen med kol. Store Norske har gjort eit omfattande arbeid med å vurdere ulike produksjonsalternativ for Gruve 7.

Fakta om Gruve 7:

  • Gruve 7 er den siste norske kolgruva som fortsett er i drift. Gruva er lokalisert utanfor Longyearbyen og drifta forgår i regi av Store Norske.
  • Staten sitt mål med eigarskapet i Store Norske er mellom anna gjennom drift av Gruve 7 å bidra til at kraftverket i Longyearbyen har tilgang på stabil kolforsyning.
  • Våren 2020 har det oppstått ny usikkerheit på grunn av koronapandemien, og kolsalet har mellom anna vore påverka negativt.
  • Vidare blei gruva i sommar utsett for ei større vassinntrenging og indre del av gruva blei fylt med vatn. Store Norske arbeider no med å setje gruva i stand igjen, og planlegg for oppstart av produksjonen igjen i løpet av oktober 2020.
  • Olje- og energidepartementet arbeider no med spørsmålet om kva den framtidige energiforsyninga på Svalbard skal vere.