Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil løyve 40 millionar kroner til Brønnøysundregistera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Pengane skal nyttast til å lage eit meir effektivt system for intern verksemdstyring og informasjonstryggleik.

- Vi må digitalisere meir framover. Brønnøysundregistera er ein pådrivar for forenkling og innovasjon i næringslivet gjennom bruk av data og digitale løysingar. No vil regjeringa bidra til at dei har eit tilstrekkeleg økonomisk handlingsrom til å utvikle og forvalte dei registera etaten har ansvar for på ein trygg og forsvarleg måte, seier næringsministar Iselin Nybø (V).

Løyvinga er ein auke av driftsramma til Brønnøysundregistera, og skal nyttast til å lage eit meir effektivt system for intern verksemdstyring og informasjonstryggleik. Løyvinga skal óg dekkje naudsynte kostnadar til ei forsvarleg og framtidsretta registerforvalting.  

Regjeringa løyvar meir pengar, men har og krav til omstilling

Fleire pågåande prosessar i Brønnøysundregistera har økonomiske konsekvensar for verksemda. Flytting til nytt bygg hausten 2021, prosjekt for ny registerplattform og eit behov for auka investeringar i informasjonstryggleik er blant desse. Samstundes har Nærings- og fiskeridepartementet gitt Brønnøysundregistera i oppgåve å foreta kostnadssparande tiltak gjennom ein omstillingsprosess.

Målet med omstillingsprosessen og den auka løyvinga er å etablere ei meir robust finansiering av Brønnøysundregistera, for å sikre forsvarleg drift, forvalting og nødvendig utvikling av tenestene i Brønnøysundregistera.