Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

10 millionar til FNs havforskningstiår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa vil setje av 10 millionar kroner til å styrkje oppfølginga av FNs havforksningstiår.

FN har proklamert eit internasjonalt havforskningstiår frå 2021 til 2031. Målet med tiåret er å styrkje kunnskapen for å sikre berekraftig bruk av og matforsyning frå verdshava, i lys av klimaendringar, ekstremvér, overbeskatning og koronapandemi.

– FNs forskningstiår for hav er eit felles løft for å styrkje det internasjonale havforskningssamarbeidet. Dette er viktig for havnasjonen Noreg, og difor vil vi setje av 10 millionar kroner til dette arbeidet, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Noregs forskingsråd har ansvaret for den praktiske koordineringa av arbeidet med havforskingstiåret i Noreg. Forskningsrådet har gjennomført ein omfattende kartleggingsprosess og dialog med forskningsmiljøa, og overleverte i oktober 2020 ei tilråding om ti prioriterte område for moglege norske bidrag.

Løyvinga kjem i tillegg til og vil forsterke arbeidet som gjerast, og er allereie meldt inn som norske bidrag til havforskingstiåret. Priorierte område vil vere forsking på samanhenger mellom hav og klimaendringar, robust matproduksjon i havet, og varsling og beredskap knytt til ekstremvér.