Historisk arkiv

Søviknes innleia på Oslo Energy Forum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

- Det er grunn til å vere optimist på vegne av norsk sokkel, sa olje- og energiminister Terje Søviknes i sitt foredrag under Oslo Energy Forum i dag.

- Vi treng å produsere meir energi for ei aukande befolkning i verda, samtidig som vi kuttar klimagassutslepp. Vi har allereie på plass tiltak som sørger for kostnadseffektive utsleppskutt på norsk sokkel. Det er difor mogleg å nå klimamåla våre samtidig som vi har ein sterk og konkurransedyktig petroleumssektor. Det er enorme ressursar igjen på norsk sokkel, og eg er trygg på at petroleumsverksemda har ei lys framtid, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP).

Terje Søviknes innleia under Oslo Energy Forum (foto:OBE/OED).

Terje Søviknes innleia under Oslo Energy Forum (foto:OBE/OED).

Søviknes understreka at Norge er ein stor og føreseieleg leverandør av energi til Europa, både innan olje og gass, men også fornybar. 

- Dette skal vi halde fram med. Vi har eit nært og velutvikla energisamarbeid med våre europeiske naboar, og det er i vår felles interesse at vi har ein mest mogleg velfungerande europeisk energimarknad, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Oslo Energy Forum er ein møteplass for styresmakter og energiindustrien som finn stad i Oslo kvar februar. Forumet blei først arrangert i 1973.

I samband med forumet møtte Søviknes også sin britiske kollega Jesse Norman. Sjå deira felles uttale om det norsk-britiske samarbeidet her.

Les heile innlegget her.